Fram logo

Reisekort

Reisekort

Reisekortet er eit plastkort som du fyller opp med billettar eller reisepengar. Ved fornying av billettar og påfyll av reisepengar beheld du same reisekort - du fornyar berre innhaldet. På kortet kan du leggje inntil åtte ulike billettar (periodebillettar og enkeltbillettar m.m.). I tillegg har kortet ein verdidel kor du kan setje inn pengar og nytte verdidelen til kjøp av enkeltbillettar og periodebillettar.

Reisekortet er det nye namnet på kollektivkortet, men har same funksjon som det gamle kortet. I ein overgangsfase vil gamle kollektivkort, billettar og verdiar som ligg inne på kortet framleis vere gyldig.

Med reisekortet kan du reise tvers gjennom stort sett alle delar av fylket med same elektroniske billett. Enkelt og praktisk. Reisekortet får du ved FRAM sine salsstader (trafikkterminal eller rutebilstasjon) eller ved å bestille reisekort her.

 

Reisekort med firmakonto

Dette reisekortet er knytt til ein firmakonto. Dette gjør at du kan reise utan å legge ut og einingen/selskapet blir fakturert. Reisekort med firmakonto er altså ei kredittbetaling for ulike reiseprodukt som enkeltbillettar og periodebillettar. Reisene blir registrert på firmakontoen og fakturert den enkelte eining/selskap kvar anna månad. Denne type kort er i utgangspunktet meint for firma, skular, barnhagar, offentlige etatar og liknande.

Reisekort med firmakonto kan du nytte på alle bussane og hurtigbåtane i Møre og Romsdal.

Du kan også nytte kortet på gjennomgåande bussbillett og ferjebillett, som betyr at du kan kjøpe ein billett om bord på bussen som kombinerer bussbilletten og ferjebilletten på strekningar som inneheld buss og ferje. Reisekortet kan ikkje bli nytta som betalingsmiddel aleine på ferjene.

Eit reisekort med firmakonto er i utgangspunktet upersonleg og kan derfor bli nytta av fleire innan same eining/selskap.

Dersom du har spørsmål eller ønsker å bestille reisekort med firmakonto, kan du kontakte FRAM Kundesenter gjennom kontaktskjema eller ringe tlf. 177 (kostar ekstra) / 71 28 01 00.

Reisekort