Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Endringar på busstilbodet i Ålesundsområdet frå 1. mai

Kva skjer?

  • Det blir ein auke i tilbodet i Ålesund og Giske, betre forbindelse mellom Sykkylven og Ålesund og raskare reise mellom Sula og Ålesund med buss.
  • Meir effektive traséval og omlegging av enkelte ruter gjer at bussen går raskare.
  • Det blir betre tilbod søndag morgon og -formiddag.

Ruteinformasjon

Det blir ikkje lenger produsert trykte rutehefter for kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. Det skal likevel vere lett å finne informasjon om kor tid bussen går. Reiseplanleggar på nett og mobilappen FRAM er gode hjelpemiddel. Du kan også få utskrift av dei rutene du brukar ved å kontakte FRAM Kundesenter, trafikkterminalen på Moa eller servicekontoret i kommunen.

Alle bybussar får nye bussnummer

Alle bybussrutene får nye linjenummer. For å gjere det enklare å vite kva retning bussen går i, får kvar retning sitt eige bussnummer. Du finn ei oversikt over dei nye bussnummera lenger ned i denne artikkelen. Du kan og klikke her for å laste ned eit PDF-dokument med oversikt over dei nye bussnummera.

Dette er dei viktigaste endringane:

  • 10-minuttsavgangar mellom sentrum og Moa i rushtida (07.00-08.30 og 13.30-16.30).
  • 15-minuttsavgangar mellom sentrum og Moa fram til kl. 24.00. 
  • Busskorrespondanse med ferga på Magerholm til alle avgangar på dagtid måndag- fredag.
  • Rute 250 blir opna for påstiging innanfor Ålesund kommune.
  • Eige tilbod til Flisnes i tillegg til buss til Magerholm (totalt fem bussar i timen).
  • Rute 440, 250, 631 og 632: i rushtid (07.00-08.30 og 13.30-16.30) køyrer desse bussane utanfor Blindheimstunnelen (Gamle Spjelkavik).
    Utanfor rushtida køyrer bussane Blindheimstunnelen for å kome raskare fram. Det vil seie at stopp på strekninga Moa – Gamle Spjelkavik – Myrabakken – rundkøyring Blindheim ikkje blir dekt utanfor rushtida av rute 440, 250, 631 og 632. Bussen til/frå Myrland (rute 605 og 606) skal framleis gå via Myrabakken/Spjelkavik som i dag.
  • 15-minuttsavgangare strekninga Blindheim – Hessa på dagtid måndag - fredag.
  • Betre tilbod på kveld strekninga Hessa – Magerholm.
  • Alle bussar til/frå Hessa går via Hessaskaret med avgang kvart 15. minutt. Frå Hessaskaret går annankvar buss til Sævollen og Slinningen. Det vil seie avgang kvar halvtime til/frå Sævollen og kvar halvtime til/frå Slinningen. 
  • Timesavgangar Vigra/Ellingsøya-Ålesund sentrum.
  • Avgangar kvar halvtime Valderøya-Ålesund sentrum.
  • Ein del  av lokalbussane (671 og 672) på Vigra går via flyplassen, dette vil vere tilpassa flytidene.
  • Nytt tilbod Giske og Godøya når Godøytunnelen er ferdig rehabilitert.
  • Når tunnelane er ferdig rehabilitert, blir det også fleire avgangar på kveld på Giske og Ellingsøya.

Kor finn eg ruteinformasjon?

Det vil ikkje lenger bli laga trykte rutehefter, men du kan få meir informasjon om rutetidene og utskrift av dei rutene du bruker, på fleire stadar:

Nye bussnummer

Rutenummer Frå Til  
601* Sævollen Magerholm Åse
602 Magerholm Sævollen
603 Slinningsodden Flisnes
604 Flisnes Sævollen
605 Sævollen Myrland
606 Myrland Slinningsodden
       
621 Sentrum Magerholm Fyrmyr
622 Magerholm Sentrum
623 Sentrum Moa
626 Moa Sentrum
627 Moa Furmyr-Moa
       
631 Sentrum Magerholm Lerstad
632 Magerholm Sentrum
633 Akvarium Moa
634 Moa Akvarium
       
641 Fjelltun   Småruter
642 Larsgården  
643 Serviceruta  
644 Fremmerholen  
645 Brusdal  
646 Utvik  
647 Humla  
648 Olsvik  
       
651 Moa Flyplassen Flybuss
652 Flyplassen Moa
653 Valderøya Flyplassen
654 Flyplassen Valderøya
       
671* Sentrum Vigra Fastlands-
 bussen
672 Vigra Sentrum
673 Sentrum Ellingsøya
674 Ellingsøya Sentrum
675 Sentrum Giske-Godøya
676 Giske-Godøya Sentrum
       
* Gjeld også nattbuss    

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00