Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Rabattar

Barn

Barn under fire år reiser gratis saman med ein vaksen, unntatt frå barnehagar som treng å betale. Barn under 16 år betalar 50 prosent av vaksen enkeltbillett.

Skole- og studentrabatt - enkeltbillett

Skoleelevar og studentar får 50 prosent rabatt på enkeltbillett på reiser frå 70 km ein veg i Møre og Romsdal og reiser til/frå Sør-Trøndelag. For kortare reiser enn 70 km kan ein løyse billett for 70 km. Skoleelevar og studentar får 25 prosent rabatt på fylkesoverskridande ruter mellom Sunnmøre og Sogn- og Fjordane. Det må leggjast fram gyldig skole- eller studiebevis for å oppnå skole- og studentrabatt.

Skole- og studentrabatt - periodebillettar

Skoleelevar/studentar får 40 prosent rabatt på periodebillettar på alle bussreiser på fast reisestrekning. Reisekortet er personleg og kan ikkje overdras. Kortet er berre gyldig når det har namn og bilete av korteigar. Studentrabatt gis frå og med 10 dagar før skole-/semesterstart, og til og med 10 dagar etter skoleslutt.

Rabattordninga gjeld også nordmenn med utanlandske studiebevis, og for utlendingar som studerer i Norge (med legitimasjon, gyldig studentkort og betalt semesteravgift). Studiebevis for vårsemesteret gjeld til og med august og for haustsemesteret til og med januar.

Lærlingar er ikkje dekt av skole- og studentrabatten, men kan eventuelt bruke periodebilletten for ungdom. Her kan du finne informasjon om FRAM Ung.

Honnørrabatt

Pensjonistar og andre trygda får honnørrabatt med 50 prosent på ordinær vaksen takst. Honnørrabatt kan ikkje kombinerast med andre rabattar.

Ledsagar

Passasjer som har eit særskilt behov for ledsagar skal visa fram ledsagarbevis. Passasjeren løyser vanleg billett, eller honnørbillett ved framsyning av honnørbevis, honnørlegitimasjon. Ledsagar treng ikkje eigen billett.

Grupperabatt

Grupper på to eller fleire som reiser saman og løyser felles billett, får 25 % rabatt på enkeltbillett når strekninga er 7 sonar eller lengre. Grupperabattane gjeld berre vaksne og barn, ikkje for t.d. vernepliktige og honnørreisande, men dei kan telje med for å utgjere ei gruppe.

Vernepliktig personell og sivile tenestepliktige

Får 50 prosent rabatt på vaksen enkeltbillett. Vernepliktboka tener som legitimasjon. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som legitimasjon. Militærrabatt kan ikkje kombinerast med andre rabattar.

Barnevogn

Barnevogn er gratis. Det kan vere avgrensa plass.

Hund

Buss: For hund, og katt i bur, er det same billettpris som for barn om bord på bussane. Førarhund saman med blind/svaksynt, nyttehund som kan legitimerast, og politihund saman med betalande politi i uniform, kan reise utan eigen billett.

Frå og med 1. oktober blei det tillate å resise med hund, og katt i bur, om bord i FRAM Ekspress-bussane. Sjå her for meir informasjon om å ha med hund på FRAM Ekspress-rutene.

Hurtigbåt: Hund og katt må bli frakta i eigne bur/kasser om dei skal vere i passasjersalongen om bord på hurtigbåten. Om ikkje, skal dyra vere på eiget angitt område utanfor passajersalongen, anvist av mannskapet. Reglane skal sikre at dyra ikkje kjem i kontakt med stolar, tepper og liknande i passajersalongen av omsyn til allergikarar og medpassasjerar. Reglane gjeld ikkje for førarhund samen med blinde/svaksynte, nyttehund og politihund.

Sykkel

Buss: Sykkel har same pris som barn om bord på bussane. Ver merksam på at det kan vere avgrensa plass og at syklar ikkje blir prioriterte i periodane med mange reisande. Har du ein samanleggbar sykkel kan du ta med denne som handbagasje utan ekstra kostnad. Syklar som kan bli demonterte eller lagde saman, kan du frakte i bagasjeromma på bussen.

Hurtigbåt: Sykkel er gratis om bord på hurtigbåt.

Andre rabattar

Interrail/Eurail: Reisande får 50 prosent rabatt på ordinær vaksen billett på linje 420 mellom Åndalsnes og Molde og linje 681 mellom Åndalsnes og Ålesund mot å vise fram gyldig rail-billett. Følgjeperson for funksjonshemma får fri reise ved å leggje fram følgjepersonbevis (kort) som er utskrive av den kommunen der den funksjonshemma høyrer heime.

Ved manglande betaling

Det er ditt ansvar å ha gyldig billett / reisebevis. Reisande som ved kontroll ikkje kan vise gyldig billett eller reisekort, skal i tillegg til billett betale eit gebyr på kr 500,- ved betaling på staden. Ved faktura er gebyret sett til kr. 750,-.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00