Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Reisekort

Reisekortet er eit plastkort du legg billetten på elektronisk. Enkelt for deg som reiser ofte eller sjeldan. Det første reisekortet ditt kostar ikkje noko. Her kan du bestille reisekort gjennom nettsida.

Reisekort

Reisekortet er for deg som reiser både ofte og sjeldan, og er eit plastkort du elektronisk legg billettane dine på. I tillegg har reisekortet ein verdidel kor du kan fylle på pengar og bruke verdien som betalingsmedel til kjøp av enkeltbillettar og periodebillettar. På reisekortet kan du elektronisk leggje inntil åtte ulike billettar til å bruke på bussane og hurtigbåtane i fylket. Ved bruk av verdidelen kan du få rabatt på enkeltbilletten.

Når du har ein eller fleire billettar på reisekortet, legg du berre kortet mot kortlesaren og det blir lest med ein gong. I ein overgangsfase vil billettane og verdiane som ligg inne på gamle reisekort, kalt kollektivkort, fortsatt vere gyldig.

Du kan bruke reisekortet på bussane og hurtigbåtane merka med logoen FRAM, medan du ikkje bruke kortet på Kystekspressen og ferjene.

Periodebillettane er personlege, og du treng eit reisekort med namn, bilde, signatur og eventuelt fødselsdato å ha billetten på. Reisekort som blir brukt til FRAM Ung treng i tillegg fødselsdatoen din. Om det er tvil om at du er eigaren av kortet, må du kunne vise gyldig legitimasjon. Utan legitimasjonen kan reisekortet ditt bli inndratt.

Reisekort som er personlege (med namn, bilde og signatur m.m.) får du ved trafikkterminalane og rutebilstasjonane, eller ved å bestille reisekort gjennom nettsida. Eit upersonleg kort kan du òg få på bussen eller hurtigbåten.

Fylle på reisekortet

Når du skal fylle reisekortet med ein billett/verdi, kan du gjere det på bussen, hurtigbåten, på trafikkterminalane og rutebilstasjonane, eller i nettbutikken på nettsida. Er du i tvil om kva som ligg på reisekortet, kan du spørre sjåføren/mannskapet om hjelp. Han eller ho vil kunne lese av kortet på billettmaskina.

Merk! Om du mistar reisekortet ditt, ring FRAM Kundesenter på tlf. 71 28 01 00 for å sperre kortet. Etter tre dagar kan du besøke ein av trafikkterminalane og rutebilstasjonane, og få laga eit nytt kort mot eit gebyr på 100 kroner.

Reisekort med firmakonto

Reisekortet med firmakonto gjer at du kan reise utan å måtte legge ut for billetten, og einingen/selskapet blir fakturert. Reisekort med firmakonto er altså ei kredittbetaling for ulike reiseprodukt som enkeltbillettar og periodebillettar. Reisene blir registrert på firmakontoen, og fakturert den enkelte eining/selskap kvar anna månad. Denne type kort er i utgangspunktet meint for firma, skular, barnhagar, offentlige etatar og liknande.

Reisekort med firmakonto kan du bruke på alle bussane og hurtigbåtane i Møre og Romsdal fylke.

Du kan også nytte dette kortet på gjennomgåande bussbillett og ferjebillett, som betyr at du kan kjøpe ein billett om bord på bussen som kombinerer bussbilletten og ferjebilletten på strekningar som inneheld buss og ferje. Reisekortet kan ikkje bli nytta som betalingsmiddel aleine på ferjene.

Eit reisekort med firmakonto er i utgangspunktet upersonleg og kan derfor bli nytta av fleire innan same eining/selskap.

Dersom du har spørsmål eller ønsker å bestille reisekort med firmakonto, kan du ta kontakt med FRAM Kundesenter.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00