Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Reise kollektivt

For deg som er på besøk i Møre og Romsdal eller reiser kollektivt sjeldan, kan du finne informasjon om kollektivtransporten til FRAM på denne sida.

Regelverk og rettigheiter

For reisande gjeld vedtektene for transport med rutegåande busstrafikk i Noreg. Godkjent av Samferdselsdepartementet 27. februar 2004. Her finn du befordringsvedtektene for buss.

Meld frå ved reise i større gruppar

For å oppretthalde eit godt kollektivtilbod til dei reisande i fylket, ber vi dei som planlegg å reise i større grupper med buss om å melde inn i god tid. Vi treng å vite talet reisande, kva for rute og forventa avgang. Meld inn til FRAM Kundesenter gjennom kontaktskjemaet eller på tlf. 71 28 01 00.

Hund på buss

Frå 1. oktober blei det lov å ha med hund på alle rutene til FRAM-bussane. Det er barnetakst for hund, og eigaren kan kjøpe billett til hunden av sjåføren. Førarhund, politihund og annan tenestehund som er i aktiv teneste, kan reise utan eigen billett. Katt i bur er også tillate på bussen.

Her kan du finne vilkåra for å reise med hund om bord på FRAM Ekspress-rutene.

Reglar for bagasje på buss

Vi ber dei som reiser med bussane om å ta omsyn til andre reisande, og følgje reglane som gjeld for bagasje.

Her er eit utdrag frå reglementet sett av Samferdselsdepartementet:

§ 9 Håndbagasje

Reisende kan fritt ta med lett håndterlige gjenstander (håndbagasje) med samlet vekt inntil 20 kg for hver billett. Bagasjen må anbringes slik at den ikke sjenerer de reisende eller hindrer på- og avstigning.

§ 10 Annet reisegods

Mot fraktgodtgjørelse kan det medtas tyngre eller større gjenstander eller bagasje i den utstrekning plassen tillater det og vognbetjeningen finner det forsvarlig. Slike gjenstander skal anbringes etter anvisning av vognbetjeningen. Barnevogner kan medtas i den utstrekning plassen tillater det og skal anbringes etter anvisning av vognbetjeningen.

Billett

Når du kjøper ein billett til bussen, hurtigbåten eller ferja merka med FRAM inngår du ei avtale om kollektivtransport i Møre og Romsdal, som skjer på bakgrunn av FRAM sine reisevilkår. Her finn du ein oversikt over billettane og informasjon om prisane.

Billetten får du kjøpt rett på mobilen gjennom FRAM-appen, om bord på bussen, hurtigbåten og ferja, og ved å besøke rutebilstasjonane, Kristiansund trafikkterminalMolde trafikkterminal og Moa trafikkterminal. I tillegg kan du kjøpe periodebillettar og verdi i nettbutikken og ha på reisekortet.

Sonar og billettprisar

Møre og Romsdal er delt inn i ulike takstsonar. Prisen på enkeltbillett, periodebillettar og kombiprodukter blir bestemt av kor mange sonar du reiser igjennom. Her finn du sonekartet for Møre og Romsdal.

Transportmidlar

FRAM tilbyr transport med buss, hurtigbåt og ferje.

Gode reisevanar på bussen

  • Gi tidleg og tydeleg teikn til sjåføren når du skal stoppe bussen på haldeplass
  • Hald minst ein meter avstand til buss i bevegelse
  • Bli sett. Bruk refleks, også der det er gatebelysning
  • Vis køkultur. Ta omsyn til andre reisande som skal gå av
  • Ha FRAM-appen, reisekortet og anna betaling klar før du går om bord
  • Hald legitimasjon klar når du går om bord. Reisande med rabatterte billettar (barn, honnør, student osv.) må til ein kvar tid kunne syne fram legitimasjon
  • Gå saman om bord når ein person skal betale for fleire. Dette gjør det mykje enklare for sjåføren
  • Tenk tryggheit. Bruk setebelte i bussar som har det og festereim for barnevogn
  • Vis omsyn. Gi plassen din til nokon som treng den meir
  • Hald bussen rein. Ikkje drikk eller spis om bord
  • Ha gyldig billett. Å reise gratis kan koste deg dyrt
  • Vis omsyn. Unngå høglydte telefonsamtalar om bord i bussen
  • Ikkje gå i bussen under kjøring
  • Ha beina godt planta på golvet, ikkje i setet kor andre skal sitte
  • Ta generelt omsyn til andre reisande og takk - det er så lite som skal til

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00