Fram logo

21. mars: innstilling på linje 100 FRAM Ekspress Molde-Kristiansund

Publisert: 13.03.2017

Statens vegvesen er pålagt å gjennomføre redningsøving i alle tunnelar. 21. mars 2017 frå kl. 22.00 til 23.55 blir det øving i Freifjordtunnelen. I samband med øvinga blir Freifjordtunnelen stengd. Dette påverkar ein av avgangane på FRAM Ekspress mellom Molde og Kristiansund.

 

FRAM Ekspress linje 100 med avgang frå Molde 22.15 og normal ankomst Kristiansund kl. 23.45 blir innstilt. Bussen køyrast til Kristiansund via Atlanterhavsvegen. Passasjerar som skal heilt til Kristiansund kan bli med bussen.