Fram logo

Ta bussen til KBK-kampane

Publisert: 20.03.2017

For å møte den forventa pågangen av reisande i Kristiansund som skal på heimekampane til Kristiansund Ballklubb (KBK), vil FRAM køyre med fleire bussar på nokre av dei ordinære avgangane før og etter kampane.

Bruk det ordinære rutetilbodet til kamp



Ruteavgangane vil bli prøvd ut i samband med den første fotballkampen i elitserien mellom Kristiansund BK og Molde FK laurdag 1. april.

Avgangane til og frå Averøy og Aure vil bli køyrd som normalt.

Sjå nærare på tabellen for avgangane som køyrer ved heimekampen til KBK 1. april.

For at logistikken skal gå greitt på kampdagane, bør publikum nytte seg av alle ruteavgangane vi har til og frå kampane. FRAM køyrer med god kapasitet før og etter denne kampen, og det er kort veg for folk å gå mellom haldeplassane ved Brunsvika og St. Hanshaugen og stadion

Nattbuss frå sentrum

For deg som blir igjen i sentrum til seint, kan du ta nattbussen i Kristiansund. Nattbussen til Rensvik (rute 810), har tre avgangar natt til søndag.