Fram logo

Periodebillett for 24 timar i byane

Publisert: 02.05.2017

Det er no mogleg å kjøpe ein periodebillett for bussane i byane Kristiansund, Molde og Ålesund, gyldig for ein periode på 24 timar. Periodebilletten lønar seg for deg som skal reise meir enn tre turar på eit døgn.

Prisen er 20% av ein periodebillett på 30 dagar for det aktuelle området. 24-timarbilletten kostar altså 111 kroner for ein vaksen og 76 kroner for eit barn i Ålesund, og 86 kroner for ein vaksen og 58 kroner for eit barn i Molde og Kristiansund.

Merk at i Ålesund gjeld denne billetten i sone Ålesund-Moa (dvs. frå Hessa til Spjelkavik). I Molde og Kristiansund gjeld denne billetten i bysona, altså ikkje Kristiansund-Frei.