Fram logo

Nattavgangar ved Skjærvafest.

Publisert: 24.07.2017

Det blir sett inn eit utvida tilbod med nattbussane ved Skjærvafest til helga. FRAM-bussane vil køyre frå Innlandet og Kristiansund sentrum både natt til laurdag 29. juli og natt til søndag 30. juli.

 Ekstra avgang frå Innlandet til sentrum

For publikumet som skal til og frå Innlandet på Skjærvafest, blir det mogleg å ta avgangane som køyrer ordinært på rute 804, i tillegg set Møre og Romsdal fylkeskommune og FRAM inn ein nattavgang ekstra natt til laurdag og natt til søndag klokka 00.10 frå Innlandet til Kristiansund sentrum.

Avgang kl. 00.30, 01.50 og 03.00 frå sentrum

Også avgangane med rute 810, som til vanleg køyrer natt til søndag, vil køyre både natt til laurdag og natt til søndag ved Skjærvafest. Frå trafikkterminalen i Kristiansund køyrer nattbussane klokka 00.30 og 01.50. Klokka 03.00 køyrer avgangen frå Kongens plass, denne vil nytte stoppet laga til nattbussen.

Ved avgangen klokka 03.00 vil nattbussen køyre til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole ved behov.

Billetten kostar 50 kroner mellom Kristiansund sentrum-Rensvik, og 70 kroner mellom Kristiansund sentrum-Frei. Reisande kan kjøpe billetten med FRAM-appen, kalt FRAM, og kort eller kontant om bord.

Her finn du rutetidene for Skjærvafest. For enkelt å sjekke rutetidene og kjøpe billetten, last ned FRAM-appen. Eller ring til FRAM Kundesenter på tlf. 177 for informasjon.