Fram logo

Utvida nattbusstilbod ved Tahiti-festivalen 2017

Publisert: 22.06.2017

FRAM set inn eit utvida tilbod med nattbuss ved Tahiti-festivalen 2017 i slutten av juni. Også i år blir det avgangar natt til fredag, natt til laurdag og natt til søndag.

 FRAM gjentek prøveprosjektet med å setje inn nattbuss tre av nettene under festivalen.

- Natt til fredag 30. juni vil nattbussen ha avgang frå trafikkterminalen i Kristiansund klokka 00.30 og 01.50. Natt til laurdag 1. juli og natt til søndag 2. juli, vil nattbussane køyre med to avgangar frå terminalen; klokka 00.30 og 01.50. I tillegg til ein avgang frå Kongens plass klokka 03.00 (eiga stopp for nattbussen), seier rådgivar Frode Kvalheim ved samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

På avgangen klokka 03.00 natt til laurdag og natt til søndag, vil nattbussen køyre til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole ved behov.

- Blir nattbussen godt brukt under festivalen, vil vi gjenta tilbodet igjen i 2018, seier Kvalheim.

Billetten kan reisande kjøpe om bord på bussen, han vil ha vanleg nattakst på 50 kroner til Seivikakrysset og 70 kroner til Frei.

For rutetider og informasjon, sjå rutetider eller ring til 177.