Fram logo

Ålesund: Endringar i nattbussen

Publisert: 06.09.2017

I samband med at skjenketida i Ålesund er endra, blir det óg endringar for nattbussen frå og med natt til 10. september.

 

Det vil ikkje lenger gå nattbuss kl. 03.30. Siste tur med nattbussen vil no gå kl. 02.30 frå Ålesund rutebilstasjon med trasé som vist nedanfor.

 

665 Nattbuss Ålesund – Moa/Magerholm

Frå Ålesund rutebilstasjon kl. 01.30 til Moa 01.50

Frå Ålesund rutebilstasjon kl. 02.30 til Magerholm ferjekai 03.10

 

667 Nattbuss Ålesund – Giske

Frå Ålesund rutebilstasjon kl. 01.30 til Gjøsund kl. 01.57

Frå Ålesund rutebilstasjon kl. 02.30 til Gjøsund 02.57 og vidare retning Roald ved behov