Fram logo

Ferjerute 36 Åfarnes-Sølsnes og bussrutene 420 og 421 blir endra 18. september

Publisert: 13.09.2017

Frå og med måndag 18. september vil det køyre éi ferje på rute 36 Åfarnes-Sølsnes igjen. På grunn av dette vil det bli nokre endringar på avgangstidene til rute 420 FRAM Ekspress Åndalsnes-Molde og 421 Molde-Sølsnes frå same dato.

 

 

Endringa for ferjerute 36 Åfarnes-Sølsnes

Ferja vil begynne køyre i høve til den ordinær rutetabellen.

 

Endringane for rute 420 FRAM Ekspress Åndalsnes-Molde

Måndag-fredag vil avgangane for rute 420 FRAM Ekspress Åndalsnes-Molde frå Øran øst kl. 10.00, 17.00, 18.10 og 19.40 bli flytta nokre minutt fram, til 09.55, 16.55, 17.55 og 19.35.

 

Laurdag vil avgangane frå Øran øst kl. 10.00, 16.05 og 19.40 bli flytta fram, til 09.55, 15.50 og 19.35.

 

Søndag vil avgangane frå Øran øst kl. 10.00, 18.00 og 19.40 bli flytta til 09.55, 17.55 og 19.35.

 

Endringane for rute 420 FRAM Ekspress Molde-Åndalsnes

Måndag-fredag vil avgangane for rute 420 Molde-Åndalsnes frå Molde trafikkterminal kl. 15.50, 17.35 og 19.15 bli flytta fram, til 15.45, 17.25 og 19.10. Det blir ingen endringar i denne retninga på laurdag og søndag.

 

Vi ber alle dykk som reiser med rute 420 om å vere merksam på at også nokre av avgangane er flytta til fem minutt seinare enn i dag.

 

Endringane for rute 421 Molde-Sølsnes

Måndag-fredag ved skolefri vil avgangen kl. 17.30 frå Molde trafikkterminal bli flytta fram, til 17.25.

 

Måndag-fredag ved skolefri vil avgangen frå Sølsnes ferjekai kl. 18.00 bli flytta til 17.55.

 

Måndag-fredag vil avgangen kl. 16.05 frå Sølsnes ferjekai bli flytta til ti minutt seinare, til 16.15.

 

 

I den nye FRAM-appen og reiseplanleggaren på frammr.no vil du finne tidene i rutesøka. I tillegg vil pdf-ene av ruteheftet som ligg ute på frammr.no vere oppdatert.