Fram logo

Personvernerklæring

 

Denne erklæringa gjer greie for Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM si behandling av personopplysningar.

 

Grunnleggjande krav til behandlinga av personopplysningar

Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM har ansvaret for lagring og bruk av personopplysningane dine (behandlingsansvarleg).

Opplysningane blir behandla i samsvar med krava i personopplysningslova med forskrifter, og bransjenorma for personvern og informasjonssikkerheit i elektronisk billettering.

Regelverk med verknad for Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM si behandling av personopplysningar

Personopplysningsloven inneheld regler om korleis personopplysningar som blir samla inn vil bli behandla, inkludert korleis dei blir sikra, kven som har tilgang og om de kan utleverast til andre.

 

Møre og Romsdal fylkeskommune si internkontroll

Etter personopplysningsforskrifta er alle verksemder som behandlar personopplysningar pliktige til å utarbeide eit internkontrollsystem. Møre og Romsdal fylkeskommune har eit slikt internkontrollsystem.

 

Føremålet med behandling av personopplysningar i FRAM

Føremålet med behandling av personopplysningar er å ta hand om avtaleforholdet mellom Møre og Romsdal fylkeskommune v. FRAM og våre brukarar. Dette inneber at vi skal kunne produsere billettane, belaste deg for riktig pris i forhold til bruken, skrive ut ulike billettar, erstatte eventuelle billettar og verdi på tapte registrerte kort, gjennomføre eventuelle refusjonskrav, og enklare identifisere moglege kjelder til feil ved reklamasjon eller andre forhold som kan oppstå i tenestene våre.

 

Slik behandlar vi personopplysningane i tenestene

 

Nettsida til FRAM og reiseplanleggaren

 

Denne tenesta er laga for å tilby kundane (kollektivreisande) ei kanal for å finne ruteinformasjon og for Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM til å informere, kommunisere og marknadsføre kollektivtilbodet til FRAM. Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlarane, samlar vanleg besøksstatistikk for sine nettsider ved hjelp av analyseverktøyet Google Analytics. Opplysningane blir berre nytta i samanheng med drifta og vidareutvikling av nettsida til FRAM.

I tråd med vanleg praksis på internett blir IP-adressa til brukarane av nettstaden registrert. Fylkeskommunen har valt å nytte eit script som tar vekk dei siste sifra frå din IP-adresse før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjer at analyseverktøyet kan anslå den geografiske plasseringa til brukarane, men adressa kan ikkje bli nytta for å identifisere den enkelte. Opplysningar som Google tek i mot er underlagt deira retningslinjer for personvern. Databehandlarane for desse tenestene er Ez og Datagrafikk.

 

Reisegarantiskjema

Denne tenesta er laga for å tilby kundane (kollektivreisande) rettigheitar ved manglande leveranse av kollektivtransport. Reisegarantiskjemaet som blir nytta til å kontakte FRAM Kundesenter, er kryptert ved sending av informasjon (SSL). Saka blir da behandla ev tilsette ved FRAM Kundesenter i første ledd. Informasjon knytt til behandlinga av saka, kan bli delt med andre Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM har avtaleforhold med for å behandle førespurnaden (t.d. andre tilsette ved samferdselsavdelinga, operatør og reiarlag). Informasjonen blir berre nytta til å behandle saka, og personopplysningane blir sletta og resten av informasjonen gjort anonym når saka er behandla. Slik at vi kan nytte den til statistikk for å betre kollektivtilbodet. Tenesta blir handtert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Vi oppmodar til å ikkje sende sensitiv eller fortruleg informasjon gjennom reisegarantiskjemaet.

 

Reisekort og nettbutikken

Desse tenestane er laga for å tilby kundane moglegheita til å nytte elektronisk billett (reisekort) og kjøpe billettprodukt over nett (nettbutikken). Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlaren, samlar inn informasjon og kontaktdata frå registreringsskjemaet i nettbutikken, informasjon om datoen kortet blei produsert, datoen for kjøp av billettane/verdi og kortnummeret til reisekortet. Denne informasjonen blir lagra i ei eiga kundedatabase hos databehandlaren.

 

Ved bruk av reisekortet og billettane på kortet, blir informasjon som t.d. sonene og haldeplassen du starta reisa i, klokkeslett og dato for bruken av reisekortet, kva for billett du har nytta og kortnummer på reisekortet ditt lagra.

 

Informasjonen blir samla inn til databasen kvar gang du les av reisekortet på ein kortlesar.

 

Personopplysningane vil ikkje bli nytta til å gi deg tilpassa marknadsinformasjon utan at du på førehand har kryssa av for dette på samtykkeskjemaet i nettbutikken.

 

Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlaren, følgjer krava til informasjonssikkerheit i personopplysningsforskrifta kap. 2 og bransjenormen. Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM kan nytte reisedata saman med kundeinformasjon dersom dette er initiert av din bruk av reisekortet, som oftast ved ein reklamasjon eller anna førespurnad frå deg som kunde.

 

Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlaren, vil ikkje nytte reisedata saman med kundeinformasjon for å produsere statistikk, ved avrekning med samarbeidande selskap og normalt heller ikkje ved feilsøking. Databehandlaren for denne tenesta er FARA.

 

FRAM-appen

Denne tenesta er laga for å gjere planlegginga av kollektivreisa og billettkjøpet mobilt for kundane. Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlaren, lagrar telefonnummeret ditt i appen til å identifisere deg med profilen. Om Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM vil bruke den registrerte informasjonen til andre føremål, t.d. til å sende deg reklame eller informasjon ut over det som er nødvendig for å gjennomføre avtalen, vil fylkeskommunen hente inn samtykke frå deg ved inngåing av avtalen.

Appen bruker Crashlytics for å samle inn informasjon om feilsituasjonar og bruksmønster, for enklare å kunne identifisere og rette opp feil og manglar. Informasjonen som blir samla inn under feilsituasjonar inkluderer statusen på eininga, unike identifikatorar på eininga, maskinvara på eininga og operativsystemet, informasjon relatert til korleis applikasjonen fungerer og plasseringa av eininga på det tidspunktet feilsituasjonen skjedde. For bruksmønster blir det samla inn informasjon om når og kor lenge appen er i bruk.

All den informasjonen som blir samla inn er gjort anonym og kan ikkje bli brukt for å identifisere brukaren, men blir delt med tredjepart som leverer tenester i appen, t.d. Crashlytics. Databehandlarane av denne tenesta er FARA og Datagrafikk.

 

MR Ferjerute-appen

Denne tenesta er laga som ein kanal for ruteinformasjonen til ferjene og hurtigbåtane i Møre og Romsdal. Informasjon som blir samla inn av Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM og Statens vegvesen via databehandlaren, er posisjonen på mobiltelefonen om du tillèt det i innstillingane til appen. Posisjonen brukes for å berekne avstand til nærmaste haldeplass. Denne appen samlar ikkje, lagrar ikkje og deler ikkje personlege data og rørsler. Databehandlar for denne tenesta er Shiplog.

 

FRAM Flexx

Denne tenesta er laga for å handtere lokal transport i valt kommune og på bestilling, Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlaren, samlar berre personopplysningar som du gir samtykke til og som er nødvendige for å gjennomføre tenesta om bestillingstransport til deg som kunde. Informasjonskapslar blir nytta på nettsida til å samle statistikk om du tillèt det.

For å kunne levere tenesta av bestillingstransporten kan FRAM Kundesenter handtere kontaktinformasjon, dato og destinasjon. Informasjonen blir delt med drosjeselskapa. Etter at førespurnaden er ferdig behandla, blir personlege opplysningar fjerna for bruk til statistikk. Databehandlar for denne tenesta er GoMobile.

 

Travel like the locals

Denne tenesta er laga for å handtere bestillingane av lokale kollektivreiser, og er tilgjengeleg på nett. Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlaren, nyttar informasjonskapslar frå du loggar inn til du loggar ut av tenesta, om du tillèt det, ved å mellombels lagre vala dine undervegs i bestillinga. IP-adressa di kan bli logga for å diagnostisere problem med serverane til databehandlaren og administrere nettstaden. Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM og databehandlaren deler ikkje personopplysningane dine med andre utan at du tillèt det, informasjonen blir nytta til bestilling av tilbodet på nett og levere deg tenesta. Databehandlar for denne tenesta er Trekksoft.

 

E-post

Denne tenesta er laga for å tilby kundane (kollektivreisande) ein kanal for skriftleg, elektronisk kommunikasjon med Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM. I første leddet er det tilsette ved FRAM Kundesenter som har tilgang til den informasjonen du sender inn til Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM på e-post. Informasjon knytt til behandlinga av saka, kan bli delt med andre Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM har avtaleforhold med for å behandle førespurnaden (t.d. andre tilsette ved samferdselsavdelinga, operatør og reiarlag). Informasjonen blir berre nytta til å administrere førespurnadene, og personopplysningane blir sletta frå førespurnaden og resten av opplysningane gjort anonym når saka er ferdig behandla, slik at den kan bli nytta til statistikk. Tenesta blir handtert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Vi oppmodar til å ikkje sende sensitiv eller fortruleg informasjon gjennom e-post.

 

Telefonnummer 177 / 71 28 01 00

Denne tenesta er laga som ein auditiv kanal til kundane (kollektivreisande) for å kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM om ruteinformasjon over telefon. Alle samtalar gjort til telefonnummer 177 / 71 28 01 00 i Møre og Romsdal, blir behandla av tilsette ved FRAM Kundesenter. Ved kontakt blir berre informasjon som er nødvendig for å kunne svare på eller følge opp førespurnaden samla inn. Det kan vere kontaktinformasjon, sak, dato og klokkeslett, i tillegg til lengde på samtalen. Etter at førespurnaden er ferdig behandla, blir personlege opplysningar fjerna for bruk til statistikk. Statistikken blir nytta for å kunne handtere førespurnadane betre. Tenesta blir handtert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Utlevering av personopplysningar

Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM leverer ikkje ut personopplysningar til andre enn den registrerte sjølv, med mindre det føreligg ein rettsleg avgjerd eller heimel i lov. Anonym reisedata kan bli brukt til statistiske føremål, og kan dermed leverast ut til andre.

 

Innsyn i opplysningar

Det er høve til å be om innsyn i kva behandling av personopplysningar fylkeskommunen v/FRAM gjer. Du kan også når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg. Jf. personopplysningslovas §18.

 

Retting/sletting av opplysningar

Dersom du finn at opplysningane om deg er unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysningane retta/sletta. Jf. personopplysningslovas §§ 27 og 28. Når det ikkje lenger er behov for personopplysningane, vil dei bli sletta i tråd med regelverket.

 

Kontakt

Har du krav om innsyn, retting/sletting av opplysningar, eller anna som gjeld fylkeskommunen sin behandling av personopplysningar, ta kontakt med FRAM Kundesenter på e-post fram@mrfylke.no eller til postadressa: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N