Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Permanent to-ferjeløysing på Sølsnes-Åfarnes og vidareføring av nattferjetilbodet

Frå torsdag 15. februar blir det permanent løysing med to ferjer på ruta 36 Sølsnes-Åfarnes. Dette vil føre til endring på rutetidene både for ferja og bussane på strekninga. Det blir også vidareføring av nattferjetilbodet. 

Frå 15. februar vil det gå to ferjer mellom Sølsnes og Åfarnes. Nattferja vil også bli vidareført.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Avgang kvart 20. minutt

Når det er to ferjer på sambandet, vil ferjene ha avgang kvart 20. minutt. Dette vil gjelde både kvardag og helg, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Endringar for dei korresponderande bussrutene

Som følge av løysinga med to ferjer vil fleire av avgangane til rute 420 FRAM Ekspress Molde-Åndalsnes og rute 421 Molde-Sølsnes, bli endra for å få ein korrespondanse med ferjene, alle dagane i veka. Ver merksam på at fleire av avgangane til togbussen på rute 420 og rute 421 no er flytta fram.

Publikum bør òg sjekke rutetidene på rutene 428 Åfarnes-Vistdal, 429 Lerheim-Rødven og 487 Skålasenteret-Kortgarden.

Fortset med avgangar med nattferje på strekninga

- Nattferjeavgangane som har blitt køyrd i samband med vedlikehaldet av E136 Innfjord- og Måndalstunnelen blir forlenga til 1. mai 2019, sjølv om arbeidet med tunnelen blir avslutta, seier Fuglseth.

Dette vil gjelde avgangane klokka 01.15, 02.45 og 04.15 frå Åfarnes, avgangane frå Sølsnes kl. 01.30, 03.00 og 04.30. Dette vil komme fram i ruteinformasjonen frå FRAM og på skilta ved ferjekaiane.

­Hald deg oppdatert på rutetidene

- For å vere oppdaterte på rutetidene ber vi publikum om å bruke reiseplanleggaren og rutehefta på frammr.no, bruke FRAM-appen eller ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00. -Informasjonen i reiseplanleggaren og appen vil vere tilgjengeleg frå 24.januar, legg Fuglseth til.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstid
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00