Fram logo

Festival

Ved Tahiti-festivalen 2017 i slutten av juni og Moldejazz 2017 i midten av juli har FRAM valt å setje inn eit utvida tilbod med nattbussane. Nedanfor finn du rutetidene og informasjon.

 

Tahiti-festivalen 2017

FRAM gjentek prøveprosjektet med å setje inn nattbuss tre av nettene under Tahiti-festivalen 2017. Også i år blir det avgangar natt til fredag, natt til laurdag og natt til søndag.

Natt til fredag 30. juni vil nattbussen ha avgang frå trafikkterminalen i Kristiansund klokka 00.30 og 01.50. Natt til laurdag 1. juli og natt til søndag 2. juli, vil nattbussane køyre med to avgangar frå terminalen; klokka 00.30 og 01.50. I tillegg til ein avgang frå Kongens plass klokka 03.00 (eiga stopp for nattbussen).

På avgangen klokka 03.00 natt til laurdag og natt til søndag, vil nattbussen køyre til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole ved behov.

Her finn du rutetidene for nattbussen ved Tahiti-festivalen 2017 og informasjon.

 

Moldejazz 2017

FRAM set inn ekstra avgangar for nattbussen ved Moldejazz 2017. Det blir eit utvida tilbod i Molde, Fræna, Eide og Aukra i jazzveka.

Som førre år vil det vere nattbussavgangar i Molde med rutene 701 til Årølia/Djupdalen, 702 frå Hatlelia og 714 til Hjelset/Kleive. I tillegg kjem no nattrutene 421 til Sølsnes, 510 til Eide/Vevang, 532 til Elnesvågen og Bud/Farstad ved behov, 561 til Jendem og Hollingsholm/Aukra, og 531 til Nye Malmeskiftet. I tillegg vil det vere nokre avgangar for å frakte reisande inn mot Molde trafikkterminal på kvelden.

Alle rutene med avgang frå sentrum vil starte ved Molde trafikkterminal.

Her finn du rutetidene for nattbussen ved Moldejazz 2017 og informasjon.