Fram logo

Korleis reise kollektivt i Møre og Romsdal?

Er du turist i Møre og Romsdal eller reiser du kanskje ikkje kollektivt så ofte? På denne sida finn du informasjon om transportmidla våre i Møre og Romsdal, og tips til korleis du kan reise kollektivt.

Regelverk og rettigheiter

For reisande gjeld vedtektene for transport med rutegåande busstrafikk i Noreg. Godkjent av Samferdselsdepartementet 27. februar 2004. Her finn du befordringsvedtektene.

Meld frå ved reise i større gruppar

For å oppretthalde eit godt kollektivtilbod til dei reisande i fylket, ber vi dei som planlegg å reise i større grupper med buss om å ta omsyn til andre reisande og melde inn i god tid forventa avgang de skal reise med.

Meld inn til FRAM Kundesenter på telefon 177 (kostar ekstra) / 71 28 01 00 eller gjennom kontaktskjema på nettsida til FRAM.

Reglar for bagasje på buss

Vi ber dei som reiser med bussane om å ta omsyn til andre reisande, og følgje reglane som gjeld for bagasje.

Her er eit utdrag frå reglementet sett av Samferdselsdepartementet:

§ 9 Håndbagasje

Reisende kan fritt ta med lett håndterlige gjenstander (håndbagasje) med samlet vekt inntil 20 kg for hver billett. Bagasjen må anbringes slik at den ikke sjenerer de reisende eller hindrer på- og avstigning.

§ 10 Annet reisegods

Mot fraktgodtgjørelse kan det medtas tyngre eller større gjenstander eller bagasje i den utstrekning plassen tillater det og vognbetjeningen finner det forsvarlig. Slike gjenstander skal anbringes etter anvisning av vognbetjeningen. Barnevogner kan medtas i den utstrekning plassen tillater det og skal anbringes etter anvisning av vognbetjeningen.

Hund på buss

Frå 1. oktober 2017 er det lov å ha med hund på alle FRAM sine bussar. Tidlegare har det berre vore lov på by- og forstadsbussar.

Det er barnetakst for hund, og eigaren kan kjøpe billett til hunden av sjåføren. Førarhund, politihund og annan tenestehund som er i aktiv teneste, kan reise utan eigen billett.

Vilkår for reise med hund:

  • Reisande med hund skal sitte lengst bak i bussen.
  • Dersom det er reisande om bord med sterk allergi, kan sjåfør be reisande med hund om å vente på neste avgang.
  • Dersom det er reisande om bord med sterk redsel for hund, kan sjåføren be reisande med hund om å vente på neste avgang.
  • Dersom hunden er til sjenanse for andre reisande, kan sjåføren be eigaren om å forlate bussen med hunden.

Frå 1. oktober kan du også ta med katt i bur på FRAM Ekspress-rutene.

Billettar

Når du kjøper ein FRAM-billett inngår du ein avtale om transport i Møre og Romsdal, som skjer på bakgrunn av FRAM sine reisevilkår. FRAM sine billettar og prisar gjeld på reiser med buss, hurtigbåt og ferje i Møre og Romsdal. Les meir om ulike typar billettar her.

Billettar blir lagra på eit plastkort kalla reisekortet, kor du kan ha ein eller fleire elektroniske billettar. Når du har eit eller fleire billettar på reisekortet, legg du berre kortet mot kortlesaren og det blir lest med ein gong.

Sonar og billettprisar

Møre og Romsdal er delt inn i ulike takstsonar. Prisen på enkeltbillett, periodebillettar og kombiprodukter blir bestemt av kor mange sonar du reiser igjennom. Sjå sonekart her. Periodebillett Ungdom (tidlegare kalt Ungdomskortet) er gyldig for ungdom til og med 22 år og kostar 400 kroner for 30 dagar.

Salsstader

Billettar får du kjøpt ved våre salsstader, om bord på bussen, hurtigbåten og ferja. I tillegg kan du kjøpe periodebillettar i vår nettbutikk.

Transportmidlar

FRAM tilbyr transport med buss, hurtigbåt og ferje i Møre og Romsdal.