Fram logo

Instagram-konkurranse for FRAM Ekspress

No kan du vere med i konkurransen om å vinne periodebillett for ut året! For å delta i Instagram-konkurransen er alt du treng å gjere å ta eit bilde når du slappar av på ein av avgangane til FRAM Ekspress-rutene, eventuelt på busstoppet, trafikkterminalen eller liknande, og dele det på Instagram med emneknaggane #slappavnårdukan og #framekspress. Informasjon om premie og FRAM Ekspress-tilbodet, finn du lengre ned på sida.

 

For å delta må du samtykke til og følgje vilkåra for konkurransen.

  • Konkurransen blir arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune, gjennom Instagram-kontoen, og gjeld for innbyggarar i Møre og Romsdal fylke.
  • Konkurransen gjeld i perioden 11. august til 10. september 2017.
  • For å delta må Instagram-kontoen din vere open.
  • Du kan laste opp så mange bilde du vil, men kan berre vinne med eit bilde.
  • Bildet må vere tatt om bord eller ved ein av FRAM Ekspress-bussane (t.d. på haldeplassen, trafikkterminalen).
  • Bildet/bilda må vere merka med #slappavnårdukan og #framekspress. Du kan gjerne bruke fleire emneknaggar om det er relevant for bildet/bilda.
  • Ved å delta i konkurransen og blir trukke ut som ein av vinnarane, tillét du at Møre og Romsdal fylkeskommune kan nytte bildet/bilda til å marknadsføre kollektivtilbodet i fylket.
  • Bidraget treng å vere eit bilde, ikkje ein video, for at du er med i konkurransen.
  • Alle på bildet/bilda må samtykke til bruken av bildet/bilda i konkurransen, og eventuelt ha samtykke frå foreldra/føresette. Det er ansvaret til fotografen å skaffe samtykke frå andre som er med på bildet/bilda.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune tek ikkje ansvar for støytande bilde. Bilde av den typen vil ikkje vere med i konkurransen.


Premie

Vi trekker ut totalt fem vinnare blant bilda, kor fotografen av kvar enkelt bilde vil vinne eitt valfritt periodekort for månadene etter trekninga og ut året (oktober, november og desember). Vinnarane av konkurransen vil bli kontakta gjennom Instagram innan utgangen av september. Juryen vil vere sett saman av tilsette som arbeider med marknad og kommunikasjon i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Kort om FRAM Ekspress-tilbodet

FRAM Ekspress-bussane køyrer dagleg gjennom heile fylket vårt. Vel du å reise med bussen, får du ein god moglegheit til å slappe av og la sjåføren ta seg av køyringa. For meir informasjon om rutene, sjå nettsida for FRAM Ekspress.