Fram logo

Kollektivtilbod gjennom Atlanterhavstunellen / Public transport through the Atlantic Ocean Tunnel

Nasjonal sykkelrute 1/EuroVelo 1 har fått namnet Atlanterhavsruta. Ruta går langs kysten og over fleire øyar mellom Kristiansund og Ålesund, og gir ein unik nærkontakt med havet og kystlandskapet. Ruta inneheld eit hurtigbåt- og fleire ferjesamband.

 

Det er ikkje tillatt å sykle gjennom Atlanterhavstunnelen. Tunnelen er lang, undersjøisk og svært bratt.

 

Det er to alternativ for syklistar som skal gjennom tunnelen:

 

1. Taxi med sykkelstativ (inntil tre syklar pr. taxi)

 

Bestilling til Fram kundesenter på telefon 177 (kostar ekstra) / 71 28 01 00 innanfor opningstida:

Måndag-fredag: 08.00-21.00

Laurdag: 09.00-20.00 (MERK! Bestill før kl. 18.00)

Søndag: 10.00-21.00

 

Du må sjølv bestille taxien til eit gitt tidspunkt.

Maksimal ventetid er ein time, men ved stor pågang kan ventetida bli lengre. På Averøy blir du henta på busshaldeplassen ved Atlanterhavstunnelen. I Kristiansund blir du henta på busshaldeplassen i Hagelinvegen. Maks vekt pr. sykkel er 20 kg. Maks totalvekt for syklane er 45 kg.

 

Pris: Vaksne 100 kroner, barn 70 kroner.

 

2. Rutebuss (To syklar pr. avgang)

Det er få plassar til syklar på vanleg rutebuss. Du er derfor ikkje garantert plass. Rutetider og takstar finn du her på nettsida. Meir informasjon: www.cyclingnorway.no

 

Reise med hurtigbåt og ferje

Frå Ålesund startar den nasjonale sykkelruta med hurtigbåt til Hamnsund i Haram kommune. Vidare mot Molde er det fleire ferjestrekningar.

 

Då det ikkje er tillatt å sykle gjennom Atlanterhavstunnelen ved Kristiansund, kan du her bruke ei transportordning med taxi.

 

Her finn du oversikt over sykkelruta.

----------------------------------------------------------------------------------

 

National Bicycle Route 1/EuroVelo 1 has been named “Atlanterhavsruta” – the Atlantic Ocean Route. It runs along the coast and across several islands between Kristiansund and Ålesund, and offers a unique close encounter with the sea and the coastal landscape.

The route includes one speed boat and several ferry connections.

 

Cycling is not permitted through the Atlantic Ocean Tunnel, which is a long and very steep subsea tunnel.

 

There are two alternatives for cyclists who want to go through the tunnel:

 

1. Taxi with a bicycle rack (up to 3 bikes per taxi)

 

Book from Fram customer services on tel. 177 (additional charge) / +47 71 28 01 00 within their opening hours:

Monday-Friday: 08.00-21.00

Saturday: 09.00-20.00 (NOTE! Book before 18.00)

Sunday: 10.00-21.00

 

Taxis must be booked for a specific time.

 

The maximum waiting time is one hour, except in cases of rush, when waiting times may be longer. On Averøy, cyclists who have booked a taxi will be picked up from the bus stop by the Atlantic Ocean Tunnel. In Kristiansund, cyclists who have booked a taxi will be picked up from the bus stop in Hagelinvegen. Maximum weight per bike is 20 kg. Maximum total weight of bikes is 45 kg.

 

Rates: Adults NOK 100, children NOK 70.

 

2. Regular service bus (2 bikes per bus)

Space is limited on buses in regular service. There is thus no guarantee that there will be room for your bike. Bus times and rates are available at the website. Further information: www.cyclingnorway.no

 

Traveling by speed boat and ferry

From Ålesund, the National Bicycle Route starts by speed boat to Hamnsund in Haram municipality. Further on towards Molde there are several sections to be covered by ferry.

 

Through the Atlantic Ocean Tunnel (Atlanterhavstunnelen) at Kristiansund, there is a taxi transport scheme in operation, since cycling is not permitted in the tunnel.

 

Here is an overview of the bike route.