22. august 2022 skjer det mykje med kollektivtrafikken i Ålesund (gamle Ålesund kommune), Sula og Giske. Bussane får heilt nye linjenummer, og det blir gratis å reise med buss i to månader frå 22. august til 22. oktober. Det blir og 40 % rabatt på hurtigbåt til/frå Ålesund i same periode.
I denne artikkelen får du først informasjon om tilbodet om gratis buss og rabatt på hurtigbåt. Lenger ned finn du informasjon om dei nye linjenumra og dei justeringane som blir gjort i busstilbodet.
Frå 22. august blir det to månader med gratis buss i Ålesund byområde, Sula og Giske.
Målet med kampanjen er at fleire skal bli vande med å bruke kollektivtransport. Gratisperioden startar same dag som det blir starta innkreving av bompengar i Ålesund.
Tilbodet om gratis buss er for dei som gjennomfører heile reisa – altså går både på og av bussen – i gratisområdet.
Gratisområdet omfattar desse sonene: 300 Ålesund, 302 Moa, 303 Blindheim/Solavågen, 304 Magerholm, 305 Brusdalen, 306 Ellingsøya, 307 Taftesund, 308 Valderøy-Giske, 309 Godøya, 310 Roald, 311 Digernes, 314 Glomset, 321 Langevågen, 322 Sulesund.
Her kan du sjå eit kart over området med gratis buss.
Viss reisa di startar utanfor gratisområdet, eller du startar i gratisområdet og skal reise til ei sone utanfor dette området, må du betale billett for heile reisa som før. Det same gjeld om du kjøper periodebillett for eit område som startar/sluttar utanfor gratisområdet.
I perioden med gratis buss reiser du billettlaust viss du både startar og avsluttar reisa di innanfor gratisområdet. Det vil seie at det ikkje er nokon billett som skal lesast av på kortlesarane om bord. Reiser du inn eller ut av gratisområdet, skal du ha gyldig billett og skal lese av billetten på kortlesaren.
Merk! Det er ikkje teknisk mogleg å overføre "ubrukt" andel av ein periodebillett som er kjøpt før perioden med gratis buss til etter at perioden er over. Har du ein periodebillett du kjøpte før gratisperioden der det er "ubrukte dagar, kan du få refusjon etter gjeldande reglar. Sjå avsnittet Refusjon.
Reisegaranti er knytt opp mot eit billettkjøp. Når det ikkje blir løyst billett, gjeld heller ikkje reisegarantien. Det betyr at reisegarantien ikkje gjeld for dei som reiser gratis innanfor det definerte området.
Ifølgje takstregulativet kan restverdi for periodeprodukt bli utbetalt etter følgande formel: Periodebillett 30 dagar kan løysast inn i den perioden den er gyldig for.
Det blir sett på som om billetten er nytta t.o.m. den dagen billetten blir sperra. Refusjon blir gitt etter denne formelen: Pris for periodebillett med frådrag av 2 reiser per dag til pris for enkeltbillett minus 17% rabatt for dei dagane periodebilletten har vore nytta.
Merk at periodebilletten for Ålesund er sterkt rabattert. Søker du refusjon av ein slik områdebillett for Ålesund, er det ikkje sikkert at det blir noko å refundere når refusjonsformelen blir brukt.
Det er ikkje mogleg å få refundert differansen mellom ordinær pris og rabatt for billettar som gjeld dagar utanfor perioden 22. august og 22. oktober.
I perioden med gratis buss venter vi auka trafikk på bussane. Det vil bli sett opp ekstrabussar i den grad vi har moglegheit til det. Ver merksam på at dette kan vere turbussar utan FRAM-profil.
Enkelte dagar vil det ikkje vere mogleg å leige inn eksterne bussar på grunn av manglande tilgang på ekstrabussar og/eller sjåførar.
Vi ber alle våre reisande om å vise omsyn til kvarandre, utnytte plassen på bussane, høyre på sjåføren sine beskjeder, og vente på neste buss viss bussen er heilt full. På den mest trafikkerte strekninga mellom Ålesund sentrum og Moa går det buss kvart 10. minutt i rushtida og rundt kvart 20. minutt utanfor rushtida på dagtid.
Tek du vanlegvis ein buss som er ganske full og du har noko du må rekke, til dømes skolestart, kan det vere lurt å ta ein buss tidlegare enn vanleg.
I perioden med gratis buss vil vi ikkje kunne legge til rette for gruppereiser i dette området. Det vil seie at barnehagar, skoleklasser, etc. ikkje er sikra plass, sjølv om reisa skjer utanom rushtid.
Frå 22. august blir det og 40 % rabatt på alle hurtigbåtar til og frå Ålesund. Rabatten gjeld alle billettypar kjøpt i perioden 22. august til 22. oktober, og gjeld ruta Hareid-Valderøy-Ålesund, Langevåg-Ålesund og Nordøyruta.
Merk! Det er ikkje teknisk mogleg å overføre "ubrukt" andel av ein periodebillett som er kjøpt før perioden med rabatt til etter at perioden er over. Har du ein periodebillett du kjøpte før gratisperioden der det er "ubrukte dagar, kan du få refusjon etter gjeldande reglar. Sjå avsnittet Refusjon.
Merk! Det blir eit heilt nytt ruteopplegg til og frå Nordøyruta frå 28. august, når Nordøyvegen har opna.
Bussane vil stort sett køyre som før - med nokre justeringar, men dei tresifra linjenummera blir bytta ut. Det blir fire hovudlinjer med nummer 1-4 og lokallinjer med tosifra nummer.
Her kan du sjå linjekartet for Ålesund frå 22. august 2022.
Bakgrunnen er eit ønske om å forenkle linjestrukturen, gjere tilbodet mest mogleg føreseieleg og korte ned på reisetida der det har vore mogleg.
I 2018 innførte FRAM linjenummer for kvar bussretning. Resultatet vart mange linjenummer og eit komplekst system. No får vi fire hovudlinjer på dei mest brukte strekningane, noko som gjer det mykje lettare å orientere seg for passasjerane.
Endringa er ein del av Bypakke Ålesund og Plan for utvikling av Ålesund byområde fram mot 2030, som er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Statens vegvesen.
Nytt linjenummer | Gammalt linjenummer | Strekning |
1 | 601/602 | Hessa-sentrum-Moa-Myrland |
2 | 631/632 | Sentrum-Moa-Magerholm |
3 | 671/672 | Ålesund-Valderøya-Vigra |
4 | 440 | Langevåg-Fiskarstrand-Sunde-Ålesund |
10 | 641 | Fjelltun |
11 | 642 | Larsgården |
12 | 633/634/644 | Ålsund-Lerstadbakken-Moa-Fremmerholen |
13 | 627/648 | Olsvik-Furmyr |
14 | 647 | Humla |
15 | 645 | Brusdal |
16 | 645 | Glomset |
17 | 646 | Utvik-Skodje |
18 | 643 | Serviceruta |
21 | 601/602 natt | Nattbuss Ålesund-Hessa (Hessa-sentrum-Myrland-Magerholm) |
31 | 673/674 | Ellingsøya |
32 | 675/676 | Giske-Godøya |
41 | 443 | Sulesund |
621 | EKSPRESS Ålesund-Furmyr-Magerholm Strekninga blir i hovudsak dekt av ny linje 2. |
622 | EKSPRESS Magerholm-Furmyr-Ålesund Strekninga blir i hovudsak dekt av ny linje 2. |
626 | Moa-Furmyr-Ålesund Det vil bli sett opp eit alternativt tilbod. |
649 | Bestillingsruta Med ny struktur blir tilbodet i Lerstadvegen forbetra slik at store delar av nedslagsfeltet til bestillingsruta får eit betre fasttilbod. Det blir sett opp eigne turar til Fjelltun med linje 10 både laurdag kveld og søndag. |
Samtidig med at linjeomlegginga blir utført, vil FRAM og sette i gong tiltak for å betre informasjonen på haldeplassane. Nokre av desse tiltaka vil vere på plass samtidig med linjeomlegginga, medan andre tiltak vil kome i etterkant.