Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktuelt

Ekstrabussar til og frå Mark Knopfler-konserten 7. juni

04.06.19

Fredag 7. juni blir det sett inn følgande ekstrabussar til og frå Mark Knopfler-konserten i Ålesund. Vi oppfordrar publikum til å reise kollektivt.

Vesterveien haldeplass er stengd

28.05.19

Haldeplassen kalt Vesterveien i Kristiansund er permanent stengd i retninga mot Skytterveien. Det er rute 803 Karihola som har brukt haldeplassen tidlegare.

Nattbussen til Valderøya-Vigra endra til éin avgang klokka 01.50 natt til 26. mai og 2. juni

20.05.19

På grunn av to nye veker med kolonnekøyring i Ålesundstunnelene blir nattbussen til Valderøya-Vigra natt til 26. mai og 2. juni endra til berre éin avgang klokka 01.50 frå rutebilstasjonen.

Slik køyrer bussen i Ålesund på 17. mai

14.05.19

I samband med 17. mai blir det endringar i kor bussen i Ålesund sentrum køyrer.

Alternativ køyring via Arnulf Øverlands gate 11. mai

06.05.19

På grunn av stenging av Kaibakken i Kristiansund sentrum laurdag 11. mai kl. 09.00-16.00, vil bussane i staden køyre via Arnulf Øverlands gate i denne perioden.

Undersøking om reisevanane i Volda/Ørsta

03.05.19

Reiser du kollektivt, køyrer bil, syklar eller reiser på andre måtar i området Volda/Ørsta, kan du vere med på å påverke kollektivtilbodet.

Flybussen i Ålesund køyrer som normalt igjen 3. mai kl. 09.00

02.05.19

Alle avgangane til flybussen i Ålesund køyrer som normalt igjen frå og med fredag 3. mai cirka klokka 09.00 etter at streiken i SAS no er over.

Stengde haldeplassar i Ålesund sentrum frå 6. mai til oktober/november

02.05.19

På grunn av gravearbeid vil haldeplassane Utstillingsplassen, Parkgata, St. Olavs plass og Dronning Sonjas plass i Ålesund vere stengde frå og med 6. mai og til oktober/november 2019.

Kollektivtilbodet for heilagdagane i mai og juni

30.04.19

På dei offentlege heilagdagane i mai og juni er det eit redusert kollektivtilbod. Her kan du finne informasjon om rutetilbodet på heilagdagane.

Innstillingar i avgangane for flybussen i Ålesund frå 30. april på grunn av SAS-streiken

29.04.19

I perioden det er streik i SAS vil avgangane for flybussen i Ålesund som korresponderar med desse flya vere innstilte. Innstillingane gjeld frå og med 30. april.

Ei trygg og triveleg reise for alle

29.04.19

Vi ønsker at det skal vere triveleg å reise med FRAM og at du skal føle deg trygg når du reiser kollektivt. Det er fleire ting du kan gjere for å bidra til ei trygg og triveleg reise for alle!

1. mai blir det endringar i rutetidene

26.04.19

Frå og med 1. mai blir det endringar i rutetidene for kollektivtilbodet, og det gjeld både bussane, hurtigbåtane og ferjene.

Alternativt køyremønster for rute 503 Kårvåg-Kvernes-Bruhagen-Kristiansund (Indre) 16. april klokka 08-18

12.04.19

Rute 503 Kårvåg-Kvernes-Bruhagen-Kristiansund (Indre) vil køyre alternativt køyremønster 16. april frå klokka 08.00 til 18.00.

Sanntida for ferjene er tilbake

09.04.19

Sanntida for ferjene er tilbake i drift igjen etter å ha vore nede fram til i ettermiddag.

Ingen streik for ferjerutene Hareid-Sulesund, Molde-Vestnes og Halsa-Kanestraum

01.04.19

Den moglege streiken som kunne ramme ferjerutene 06 Hareid-Sulesund, 33 Molde-Vestnes og 48 Halsa-Kanestraum er unngått.

Mogleg streik for tre av ferjerutene frå og med 1. april

29.03.19

Frå måndag 1. april 2019 kan ferjerutene 06 Hareid-Sulesund (B-ferja), 33 Molde-Vestnes (A-ferja) og 48 Halsa-Kanestraum (B-ferja) bli valt ut til streik.

På grunn av dårleg vêr er fleire av avgangane for ferjene og hurtigbåtane innstilte

23.03.19

Du kan finne informasjon om innstillingane i boksen for trafikkmeldingar på forsida og i arkivet for trafikkmeldingane. Meldingane blir lagt ut i opningstidene til FRAM Kundesenter.

Hurtigbåten er i drift igjen ved Edøy og bussane vil køyre som normalt

22.03.19

Hurtigbåten går som normalt innom Edøy (Smøla) igjen f.o.m. avgangen klokka 17.10 i dag, og bussrutene vil gå tilbake til det normale.

Innstilt hurtigbåt på Smøla: endring i rutebusstilbodet frå 19. mars

18.03.19

Hurtigbåten mellom Edøy (Smøla) og Kristiansund er innstilt fram til hurtigbåtkaia er reparert. Frå tysdag 19. mars vil det derfor bli nokre endringar i rutebusstilbodet på Smøla (Veiholmen og Hopen) slik at dei reisande som normalt tek hurtigbåt skal kunne komme seg til/frå Kristiansund.

Slik kan du lese av billetten du har i FRAM-appen på billettlesarane i bussen og hurtigbåten

15.03.19

Du kan bruke billettlesarane om bord i bussane og hurtigbåtane til å lese av koden for billetten du har i FRAM-appen.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00