Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ålesund: Vestre Olsvikveg stengd igjen frå onsdag 24. februar

Ålesund kommune melder at Vestre Olsvikveg må stengast igjen frå onsdag 24. februar og ca. ein månad framvoer. Det blir alternativt opplegg for buss i området så lenge vegen er stengd.

Linje 648 Olsvikruta

Linje 648 vil køyre ned ved Bertel O. Steen og bort til Biltilsynet kor start og stopp av ruta vil bli.

Dette betyr dessverre at størsteparten av Olsvika ikkje blir betent i den perioden Vestre Olsvikveg er stengd.

Skoleruter til/frå skolane i Spjelkavik

Ingen bussar kan passere på staden der det er stengt, så det blir også endringar for skolebussane til/frå skolane i Spjelkavik:

  • Buss 1 startar i Bingsa Industrifelt
  • Buss 2 startar frå Olsvik barnehage
  • Buss 3 startar frå Biltilsynet

Dette inneber at frå i morgon tidleg (onsdag 24. februar) og så lenge vegen er stengd, må elevane gå enten til Olsvik Barnehage eller Biltilsynet for å ta bussen.

Heim frå barneskolen vil begge bussane gå via Bingsa og Olsvik barnehage.

Rutebuss (og skolebuss frå ungdomsskolen) vil slutte og starte frå Biltilsynet.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00