Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Busslinje 240-241, 510 og 531-561: Påstiging via framdør berre for dei utan førehandskjøpt billett

Boreal Buss som køyrer for FRAM i Hustadvika, Midsund og Aukra har vedtatt at berre passasjerar som skal løyse billett hos sjåfør skal gå på via framdør. Reisande med førehandskjøpt billett i FRAM-appen, som SMS eller som har gyldig periodebillett på reisekort, skal gå på via bakdør. Dette gjeld frå søndag morgon, 22. november.

Vi ber dei som kan om å kjøpe billett på førehand i FRAM-appen eller med SMS. Merk at det ikkje er nødvendig å ha ein smarttelefon for å kjøpe billett med SMS. Du finn meir informasjon om korleis du kjøper billett på denne nettsida. Velg det gule korona-banneret.

Har du ikkje mobiltelefon, kan du kjøpe ein «koronabillett» på trafikkterminalen i Molde eller du kan kontakte FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

Det er framleis krav om gyldig billett for å reise med buss sjølv om framdørene er stengt.

Hugs å vise omsyn ved påstiging og hald avstand til sjåfør og andre reisande.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00