Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Køyrer nattbussavgangar under Tahiti-festivalen

Det vil bli sette inn nattbussavgangar under Tahiti-festivalen i Kristiansund neste veke. I år blir det òg avgangar natt til fredag, natt til laurdag og natt til søndag.

For deg som skal heim frå festivalen natt til fredag 28. juni, vil bussen køyre frå Kristiansund trafikkterminal klokka 00.30 og 01.50.

Natt til laurdag 29. juni og natt til søndag 30. juni vil bussen òg køyre klokka 00.30 og 01.50 frå Kristiansund trafikkterminal. I tillegg vil det vere ein avgang frå Kongens plass klokka 03.00. På den avgangen vil bussen køyre vidare til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole om du skal dit.

Billetten kan du kjøpe gjennom FRAM-appen eller av sjåføren. Prisen vil vere 50 kroner til Seivikakrysset og 70 kroner til Frei.

For oppdaterte rutetider, kan du bruke reiseplanleggaren på frammr.no, FRAM-appen, besøke Kristiansund trafikkterminal eller ringe til FRAM Kundesender på 71 28 01 00.

Her kan du finne nattavgangane under Tahiti-festivalen i pdf-format.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00

Her kan du finne tidene for jula.