Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kristiansund: midlertidige endringar på linje 807 frå 21. juni pga stenging av Verkstedveien

Frå måndag 21. juni blir Verkstedveien stengd ved rundkøyringa ved Algeaveien. Stenginga er forventa å vare til ut i september.

I denne perioden kan ikkje busslinje 807 Nordlandet-Innlandet-Øvre Bydel køyre om Nordlandet. Avgangane frå trafikkterminalen kl. 11.10, 13.10 og 15.10 får nye avgangstider frå trafikkterminalen, høvevis kl. 11.30, 13.30 og 15.30, og køyrer først til Innlandet og så til Øvre Bydel slik dei øvrige avgangane med linje 807 gjer.

Gravearbeidet skal halde fram opp Algeaveien, så det vil bli endringar i andre ruter seinare. Følg med på nettsidene våre for oppdateringar.

Reiseplanleggaren på nettsida og i FRAM-appen vil vise oppdatert reiseinformasjon, og det blir lagt ut nye PDF-tabeller ved endringar.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00