Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Påbod om munnbind på reiser til og frå Trondheim

Trondheim kommune har innført påbod om bruk av munnbind på kollektivreiser i Trondheim og reiser med båt, regionbuss eller flybuss inn til Trondheim.

Dette betyr at alle reisande med FRAM si busslinje 905 på strekninga Ålesund-Molde-Kristiansund-Trondheim skal bruke munnbind i Trondheim kommune. Det same gjeld reisande på Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim. Påbodet gjeld frå og med onsdag 18. november.

Påbodet gjeld på reiser både til og frå Trondheim

Reisande frå Trondheim skal bruke munnbind, og vi anbefaler at det blir nytta på heile reisa. Det vil seie at dei skal behalde munnbindet på viss dei bytter frå 905 til ein annan buss for å kome seg til sin endestopp, eller dei tar buss vidare etter et dei har kome til Kristiansund med Kystekspressen.

Alle reisande i retning Trondheim må ha med munnbind som skal nyttast under reisa i Trondheim kommune. Reisande med Kystekspressen må og ha munnbind som skal nyttast under reisa i Trondheim kommune.

Påbodet gjeld ikkje barn under 12 år, eller dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Dei reisande må sjølv sørge for å ha munnbind og sette seg inn i riktig bruk.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00