Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Stenging av torget i Molde frå 11. september klokka 12.00

På grunn av byggearbeid ved torget i Molde vil det ikkje vere mogleg å gå eller sykle over torget frå onsdag 11. september klokka 12. Bussane som normalt køyrer ned Kirkebakken vil køyre alternativ rute.

Hurtigbåt

Torget blir stengt for fotgjengare og trafikk. Reisande kan gå gjennom Molde trafikkterminal for å komme seg til og frå hurtigbåtkaia i perioden fram til arbeidet er ferdig.

Buss

På grunn av byggearbeidet på torget og gjerde som hindrar bussen frå å kunne svinge og køyre austover i Storgata, er haldeplassen ved Dahlhjørnet stengd inntil vidare for rutene 702 Hatlelia-Bergmo-Nordbyen og 703 Hatlelia-Granlia-Nordbyen. Bussen vil i staden køyre gjennom Spolertbakken.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00