Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utfordring med BankID i FRAM-appen? Bruk Vipps som betalingsmåte.

Har du opplevd å måtte identifisere deg med BankID når du skal kjøpe billett i FRAM-appen? Viss du vel Vipps som betalingsmåte slepp du å identifisere deg med BankID, bortsett frå første gang du installerer Vipps på mobiltelefonen din.

Kvifor er det krav om BankID?

Kravet om BankID ved kortkjøp kjem på grunn av nye og strengare reglar for identitetskontroll i forbindelse med bankkortkjøp i EU sitt betalingsdirektiv. Det er bankane – ikkje FRAM - som styrer denne identitetskontrollen.

Dei nye reglane gjeld for heile Europa, og målet er å beskytte kundane betre mot bankkortsvindel. Kundar kan derfor oppleve at dei oftare må bekrefte sine kjøp med BankID. Dette gjeld ikkje berre i FRAM-appen, men for alle typar kjøp med bankkort. Beløpsgrensa og kor ofte det er krav om BankID-identifisering kan variere frå bank til bank. Brukar du eit kredittkort, kan du og få krav om å oppgi CVC/CVV-koden for kortet.

Slik betaler du med Vipps i FRAM-appen

Før du kan betale med Vipps i FRAM-appen, må du ha Vipps installert på telefonen. Har du ikkje Vipps frå før, må du laste ned Vipps-appen frå App Store (iPhone) eller Google Play (Android).

Når Vipps er installert på telefonen, skal du automatisk få opp Vipps som ein mogleg betalingsmåte i FRAM-appen. Ved billettkjøp finn du den billetten du vil kjøpe på vanleg måte, og vel Vipps som betalingsmåte.

Her kan du finne ein artikkel med meir informasjon om korleis du installerer og bruker Vipps i FRAM-appen.

Viss du ikkje kan eller ikkje vil bruke Vipps

Viss du ikkje kan eller vil bruke Vipps som betalingmåte i FRAM-appen og vil betale med bankkort, må du kunne identifisere deg med BankID.

Alternativt kan du skaffe deg ei reisekort/verdikort. Reisekort kan du få på bussen/hurtigbåten, på trafikkterminalane og ved å kontakte FRAM Kundesenter på 71 28 01 00. På eit reisekort kan du ha ein periodebillett eller ein verdi som det blir trekt frå kvar gong du kjøper billett.

Merk! Viss du for eksempel har barn som har lagra ditt betalingskort som betalingsmiddel i sin FRAM-app, vil dei ikkje kunne identifisere seg med BankID. Du må derfor sørge for at dei kan betale på annan måte.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00