Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bestillingstransport

Bestillingstransporten er eit kollektivtilbod som berre køyrer når nokon har bestilt. Under kan du finne informasjon om tilboda våre FRAM Flexx og FRAM Svipp.

FRAM Flexx

FRAM Flexx er for alle, og du kan få hjelp av sjåføren til å komme inn og ut av køyretøyet om du treng det. Du blir henta heime og køyrd heim igjen med mindre noko anna er forklart om turen. Turen blir køyrd med drosje eller minibuss.

Her kan du finne informasjon om FRAM Flexx-tilbodet i kommunane og kva du gjer for å bestille tur.

FRAM Svipp

FRAM Svipp er ei ny teknisk løysing for bestillingstransport som FRAM skal teste ut. Løysinga skal på sikt erstatte FRAM Flexx.

FRAM har starta eit pilotprosjekt med FRAM Svipp i Ørsta/Volda, der det er mogleg å bestille transport til og frå Ørsta/Volda lufthamn (Hovden) på dei tidene det ikkje går lokalbuss til og frå flyplassen, dvs. om morgonen, etter kl. 18.00 og i helgane.

Inntil vidare må du ha eit norsk mobiltelefonnummer for å kunne bruke denne tenesta.

FRAM Svipp er tilgjengeleg frå og til definerte, sentrumsnære soner i Ørsta og Volda og til definerte tidspunkt som står i samanheng med flyavgang eller flyankomst.

Transporten blir køyrd med drosje, men til same pris som det kostar å reise med ordinær buss. Sidan tilbodet er ein del av kollektivtilbodet til FRAM vil det vere fleire passasjerar i drosja dersom det er fleire som har bestilt til same avgang eller frå same ankomst. Du må derfor beregne at FRAM Svipp-turen tar noko lenger tid enn ein ordinær drosjetur/tur med privatbil.

Bestillingsfrist:

  • Tur til avgang eller frå ankomst før kl. 16.00: bestillingsfrist kl. 19.00 dagen før. 
  • Tur til avgang eller frå ankomst etter kl. 16.00: bestillingsfrist kl. 16.00 same dag.

Merk! Det er ikkje mogleg å bestille FRAM Svipp frå flyplassen i samband med flyankomst 23.55 frå Oslo. (Treng du transport frå flyplassen på dette tidspunktet, må du bestille ei ordinær drosje frå Ørsta eller Volda taxisentral og betale vanleg taxitakst.)

Her finn du brukarvegleiaren for bestilling av tur med FRAM Svipp. (Oppdatert 02.11.21 kl. 12.30)

Her kan du bestille tur med FRAM Svipp Ørsta/Volda.

  

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00