Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aldersgrenser og rabattar

Her finn du ei oversikt over aldersgrenser og moglege rabattar.

Aldersgrenser

  • Barn under 6 år som ikkje reiser aleine, reiser gratis (unnatak barnehage på tur og skoleskyss)
  • Barnebillett: 6-17 år
  • Vaksenbillett: 18-67 år
  • Honnørbillett: Honnørbilletten gjeld for personar over 67 år, uføre med uførepensjon etter folketrygdloven, personar med honnørkort frå NAV, og blinde. Denne billetten gjeld òg for ektefelle, registrert partnar og sambuar som reiser i følge med ein person med rett til honnørbillett. Honnørrabatten kan ikkje kombinerast med andre rabattar. Du må kunne vise fram godkjent legitimasjon ved bruk av honnørrabatten.

Reisekort med verdidel

Når du har satt inn pengar på reisekortet ditt og bruker av denne verdidelen til å betale for ein enkeltbillett for vaksen, får du 17 prosent rabatt.

Studentrabatt

Er du elev/student på heiltid ved ein norsk vidaregåande skole, høgskole, universitet og andre godkjende undervisningsinstitusjonar kan du få studentrabatt.

For å få studentrabatt, må du ha med gyldig skolebevis/studentbevis (kort eller på mobil) med kvittering for betalt semesteravgift.

Rabatten gjeld frå og med ti dagar før skole-/semesterstart, til og med ti dagar etter skole-/semesterslutt. Studiebevisa frå studiestaden blir rekna som gyldige ut januar for haustsemesteret, og ut august for vårsemesteret.

Er du norsk statsborgar med gyldig studiebevis og betalt semesteravgift frå ein utanlandsk studiestad, kan du og få studentrabatt. ANSA-kort er ikkje gyldig dokumentasjon.

Studentrabatt gjeld i tillegg for deg som er ein utanlandsk statsborgar som studerer i Noreg og som har gyldig legitimasjon, studentbevis og kvittering på betalt semesteravgift.

Studentrabatt gjeld ikkje for lærlingar eller personar som tek norskopplæring.

Studentrabatt på periodebillett

Skoleelevar ved vidaregåande skole og studentar får 40 prosent rabatt på strekningsbaserte periodebillettar. Det er ingen studentrabatt på periodebillettar for definerte områder (periodebillett område).

Studentrabatt på enkeltbillett

Skoleelevar ved vidaregåande skole og studentar får 50 prosent rabatt på enkeltbillett for reiser frå og med 12 soner éin veg i heile Møre og Romsdal. Dette gjeld òg for reise til og frå Oppdal og Trondheim. For reiser som er kortare enn 12 soner kan du kjøpe billett for 12 soner, og få rabatten. (Dette kan vere den billigaste løysinga.)

På kollektivlinjer som køyrer mellom Sunnmøre og Vestland, får skoleelevar ved vidaregåande skole og studentar 25 prosent rabatt.

FRAM Ung og FRAM Student

FRAM Ung og FRAM Student er eigne billettprodukt som er svært gunstige for unge som reiser mykje. Her kan du finne meir informasjon om FRAM Ung og FRAM Student.

Følgeperson

Reisande med eit særskilt behov kan reise saman med følgeperson. Følgepersonen treng ikkje eigen billett, men må vise fram eit følgepersonbevis. Dette beviset skal vere skrive ut av kommunen kor personen som treng følgeperson, er busett.

Gruppe

Ei gruppe på fleire enn ti personar som reiser samla på hurtigbåt og kjøper samla billett, får 30 prosent rabatt på enkeltbillettane.

Rabatten for gruppe gjeld berre vaksne og barn, ikkje for eksempel vernepliktige eller reisande med honnørrabatt. Desse reisande kan velje å bli inkludert i gruppa, slik at den blir stor nok til å få rabatt. (Dette kan vere den billigaste løysinga.)

Det er ikkje grupperabatt på bussreiser.

Barnehage

Barnehagane kan reise med bussane mellom klokka 09.00 og 13.00 utan å betale for billetten til barna. Vaksne betalar vanleg billett for bussen. Tilbodet gjeld for bussavgang etter kl. 09.00 og før kl. 13.00, alle kvardagar.

Det er setebelte i alle bussane bortsett frå bybussane i Molde og Kristiansund. Vi anbefaler barnehagane til å ha med barnesete til barnehagebarna som normalt bruker dette.

Vi ber om at barnehagane som planlegg å reise på tur med bussen i ei større gruppe, melder inn til FRAM Kundesenter på førehand. Merk! Seinast kl. 12.00 dagen før de skal reise.

Barnehagegruppene på fleire enn ti personar får grupperabatt på hurtigbåtane, med 30 prosent rabatt for barn og vaksne i gruppa. Rabatten gjeld berre billettane for vaksne og barn, ikkje for honnør, men som honnør kan du vere inkludert og lage ei gruppe som får rabatt.

Vi ber om at større grupper melder frå på førehand

Merk! I gamle Ålesund kommune, Giske og Sula kor det er gratisperiode med bussane i perioden 22. august til 22. oktober 2022 vil vi ha utfordringar med kapasiteten. I denne perioden vil vi ikkje ha moglegheit til å legge til rette for gruppereiser i dette området.

For å oppretthalde eit godt kollektivtilbod til dei reisande i fylket, ber vi dei som planlegg å reise i større grupper om å informere oss på førand i god tid før reisa og seinast kl. 12.00 dagen før de skal reise.

Dette vil gjere det enklare å planlegge avgangane slik at ingen som skal reise kollektivt blir ståande igjen for å vente til neste ledige avgang.

Vi treng å vite tal reisande, kva for linje de vil reise med (linjenummer) og forventa avgangstid. Meld inn til FRAM Kundesenter gjennom kontaktskjemaet eller på telefon 71 28 01 00. Her kan du finne kontaktskjemaet for FRAM Kundesenter.

Det er ikkje mogleg å reservere plass om bord på bussane, hurtigbåtane og ferjene til ein større gruppe.

Familie

På hurtigbåtane blir det gitt familierabatt når ein familie (foreldre og barn) reiser samla. Alle vaksne familiemedlemmer over 18 år får 25 prosent rabatt på vaksenbillett. Barn under 18 år får 25 prosent rabatt på barnebillett. Barn under 6 år reiser gratis.

Rundreise

For hurtigbåtreise utan ilandstiging blir det gitt 35 prosent rundreiserabatt på ordinær tur/returbillett. Hovudregelen er at den reisande må vere om bord under heile turen.

Militær/vernepliktig personell

Vernepliktig personell får 50 prosent rabatt på vaksen enkeltbillett. Vernepliktsboka gjeld normalt som legitimasjon. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som legitimasjon. Militærrabatt kan ikkje kombinerast med andre rabattar og gjeld berre norske statsborgarar som har tilknyting til det norske forsvaret.

Interrail/Eurail

Mot å vise fram gyldig Interrail-/Eurail-billett får du 50 prosent rabatt på den ordinære vaksenbilletten på togbussane FRAM Ekspress linje 420 Åndalsnes-Molde og FRAM Ekspress linje 681 Åndalsnes-Ålesund.

Rabatt på ferje

For reisende utan bil er det gratis å ta ferje. Rabattane som gjeld for bil på ferje, kan du finne i regulativa for ferjetakstar. Her kan du finne regulativa for ferjetakstar.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00