Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bagasje, utstyr, dyr, pakker

Her finn du ei oversikt over kva som gjeld når du skal ha med deg barnevogn, rullestol eller sykkel om bord. Du finn og informasjon om bagasje, dyr og om å sende pakkar med buss eller hurtigbåt.

Barnevogn

Barnevogn kan du ta med utan å kjøpe eigen billett til vogna. Merk at det kan vere for fullt om bord for vogna. Sjåføren avgjer dette.

Rullestol

Du treng ikkje kjøpe eigen billett til rullestol. Passasjerbilletten gjeld òg for rullestolen.

FRAM-bussane er utforma etter krav om universell utforming. På grunn av sikkerheit er det visse grenser for størrelsen og vekta for rullestol om bord på buss. Tillaten størrelse og vekt samsvarer med dei elektriske rullestolane som er mest brukt i dag.

Dette er grensene:

  • Lengda på rullestolen kan ikkje vere over 120 cm, bredda ikkje over 70 cm, og høgda ikkje over 109 cm. Måla er utan personen.
  • Den totale vekta, inklusive personen, skal ikkje overstige 250 kg.
  • Elektriske rullestolar kan ha ein maksimal fart på 10 km/t.

Sykkel

Det er gratis å ta med sykkel på buss under føresetnad av at det er plass på bussen.

Reisegods

Inkludert i billetten kan du i tillegg til handbagasje ha med inntil to kolli på totalt maksimum 30 kg. Større gods som sykkel, spark og liknande kan takast med i den grad det er plass.

Vi ber dei som reiser med bussane om å ta omsyn til andre reisande, og følgje reglane som gjeld for bagasje.

Her er eit utdrag frå reglementet sett av Samferdselsdepartementet:

§ 9 Håndbagasje

Reisende kan fritt ta med lett håndterlige gjenstander (håndbagasje) med samlet vekt inntil 20 kg for hver billett. Bagasjen må anbringes slik at den ikke sjenerer de reisende eller hindrer på- og avstigning.

§ 10 Annet reisegods

Mot fraktgodtgjørelse kan det medtas tyngre eller større gjenstander eller bagasje i den utstrekning plassen tillater det og vognbetjeningen finner det forsvarlig. Slike gjenstander skal anbringes etter anvisning av vognbetjeningen. Barnevogner kan medtas i den utstrekning plassen tillater det og skal anbringes etter anvisning av vognbetjeningen.

Hund og katt

Hund kan reise om bord på alle bussane. Det er òg tillate å reise med katt i eit bur.

For hund betaler du barnetakst. Førarhund, politihund og annan tenestehund som er i aktiv teneste, kan reise utan eigen billett.

Du treng ikkje eigen billett for katt i bur. Merk at buret skal kunne vere på fanget ditt.

Vilkår for reise med hund på FRAM Ekspress-linjene:

  • Reisande med hund skal sitte lengst bak i bussen.
  • Dersom det er reisande om bord med sterk allergi, kan sjåfør be reisande med hund om å vente på neste avgang.
  • Dersom det er reisande om bord med sterk redsel for hund, kan sjåføren be reisande med hund om å vente på neste avgang.
  • Dersom hunden er til sjenanse for andre reisande, kan sjåføren be eigaren om å forlate bussen med hunden.

Hund og katt på hurtigbåt

På hurtigbåtane skal hund og katt bli frakta i eiget bur/kasse når dei skal vere i salongen om bord på hurtigbåten. Om dei ikkje er i eiget bur/kass, skal dyra vere på eiget angitt område utanfor salongen, anvist av mannskapet.

Reglane skal sikre at dyra ikkje kjem i kontakt med stolar, tepper og liknande i salongen av omsyn til allergikarar og andre reisande. Reglane gjeld ikkje for førarhunden saman med ein blind/svaksynt, nyttehund og politihund.

Sending av pakke med buss eller hurtigbåt

Du kan sende ei pakke med FRAM sine bussar og hurtigbåtar. Prisen for å sende pakka er basert på sonetakstane og vekt. Du kan enten bruke førehandskjøpte fraktmerke eller betale for sending hos sjåfør/båtpersonale. Du kan og betale med bankkort på trafikkterminalane i Kristiansund og Molde og på Moa. Då får du to kvitteringar – ei som skal vere med pakka og ei som du får med deg. På trafikkterminalane i Kristiansund og Molde kan bedrifter og ha med/få fraktbrev som blir kontrollert og stempla og som så blir etterfakturert.

Avsendaren skal alltid betale for frakta ved sending av pakke. Mottakaren er ansvarleg for å møte opp ved avtalt stoppestad eller kai for å ta imot pakka når bussen/hurtigbåten kjem. Uhenta pakker/varer blir returnert til avsendarstaden/ekspedisjonen.

Spesielle tiltak pga korona

På grunn av korona kan det av smittevernomsyn i periodar vere endringar i korleis pakkar blir handtert, mellom anna at alle pakkar må vere førehandsbetalt og at det må leverast på bussen av avsendar.

Som eit koronatiltak har vi innført moglegheita til å betale for sending av pakke med SMS. Då sender du ordet BUSSPAKKE og beløpet du skal betale til telefonnummer 1990 (Eksempel: BUSSPAKKE 100).

Prisar

På denne sida finn du informasjon om prisane for å sende pakke med buss eller hurtigbåt.

Bestille fraktmerke

For å bestille fraktmerke, sender du ein e-post til busspakkar@mrfylke.no med talet fraktmerke du treng. I e-posten må du og gi opp org.nr., firmanamn, firmaadresse, fakturaadresse og leveringsadresse for fraktmerka.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00