Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kjøpe billett

Når du skal reise med buss eller hurtigbåt i Møre og Romsdal, kan du kjøpe billett på mange ulike måtar. Nedanfor finn du ei oversikt.

Vi anbefalar å kjøpe billett på førehand. Det er det mest effektive og også billegare enn å kjøpe om bord viss du betalar med kontantar eller bankkort.

Merk! Opplever du problem eller feil med FRAM-appen, nettbutikken eller SMS-betaling, ta kontakt med FRAM Kundesenter via kontaktskjema eller på telefon 71 28 01 00. Her finn du kontaktskjemaet. (Du skal ikkje ta kontakt med FRAM sine systemleverandørar.)

I FRAM-appen

Du kan kjøpe alle typar billett i mobilappen FRAM. Når du skal reise, les du av QR-koden på billetten på billettlesaren på bussen eller hurtigbåten. QR-koden er den mønstra firkanten du ser i billetten  din. Du kan trykke på QR-koden for å gjere han større. Då kan det vere lettare å lese han av.

I FRAM-appen kan du velje om du vil betale med betalingskort (bankkort/kredittkort) eller Vipps. Viss du vel å betale med betalingskort, vil du nokre gongar bli beden om å identifisere deg med BankID. Kravet om BankID ved kortkjøp kjem på grunn av nye og strengare reglar for identitetskontroll i samband med bankkortkjøp i EU sitt betalingsdirektiv.

Her finn du meir informasjon om mobilappen FRAM, blant anna korleis du installerer og brukar appen.

Med reisekort

Eit reisekort er eit fysisk plastkort. På dette kortet kan du legge periodebillettar og du kan sette inn pengar på kortet for å kjøpe enkeltbillettar med. Du kan ha periodebillett og pengar på same kort.

Reisekort kan du få på bussen og hurtigbåten, på trafikkterminalane eller ved å bruke vårt bestillingsskjema på nett. Her finn du bestillingsskjemaet for reisekort.

Når du først har eit reisekort, kan du fylle på det på bussen eller hurtigbåten, på trafikkterminalane og i FRAM sin nettbutikk. (Du finn informasjon om nettbutikken lenger ned på sida.) Merk at det ikkje er mogleg å fylle på FRAM Ung eller FRAM Student i nettbutikken.

Det er lurt å registrere reisekortet ditt

Har du fått reisekort på bussen/hurtigbåten eller i posten frå FRAM Kundesenter, må du sjølv kontakte FRAM Kundesenter eller ein av trafikkterminalene i fylket viss du ønsker å registrere reisekortet. Er kortet registrert på ein brukar, kan kundesenteret og trafikkterminalene enkelt finne kortinformasjonen viss du er uheldig å miste det, og kan overføre eventuelt gjenståande produkt til nytt kort.

Viss kortet ikkje er registrert på ein brukar, må du vite kortnummeret for å få overført ubrukte produkt til nytt kort. Det er derfor lurt å notere ned nummeret på reisekortet viss du ikkje vil registrere deg.

Merk! Det første reisekortet er gratis. Viss du mistar eller øydelegg kortet og må ha nytt, er det eit kortgebyr på 100 kroner.

Periodebillett på reisekort skal lesast av på billettlesar

Viss du har ein periodebillett på reisekortet, les du av kortet på billettlesaren på bussen eller hurtigbåten når du går om bord. Skal du bruke verdidelen, seier du til sjåføren kor du skal reise, og les av kortet på billettlesaren når sjåføren gir klarsignal.

Ikkje mogleg å ha same billett både på mobiltelefon og reisekort

Det er ikkje mogleg å ha same billett på mobiltelefon og på eit reisekort samtidig. Det er heller ikkje mogleg å overføre billett frå mobiltelefon til reisekort – eller omvendt. Dette fordi reisekort og mobilapp brukar ulike tekniske system.

På trafikkterminalane

Du kan kjøpe alle typar billett på trafikkterminalane i Molde og Kristiansund og på Moa.

Salskontora på trafikkterminalane i Molde og Kristiansund er opne måndag-fredag kl. 08.00-16.00. På Moa er opningstida måndag-fredag 09.00-16.00.

I nettbutikken til FRAM (frammr.no)

Du kan kjøpe ordinære periodebillettar og fylle på reisekort i nettbutikken til FRAM.

Per i dag er det ikkje mogleg å kjøpe FRAM Ung, FRAM Student eller kombibillettar for buss og båt (med unntak av «Rundreisebillett Sula-Langevåg») i nettbutikken.

Merk! På grunn av ein feil i nettbutikken, er det for tida heller ikkje mogleg å kjøpe strekningsbaserte periodebillettar i nettbutikken. Vi jobbar med leverandøren av nettbutikken for å finne ei løysing. Vi har fått tilbakemelding om at denne feilen fører til problem for ungar som reiser med periodebillett og som ikkje har eigne bankkort. Sidan vi for tida ikkje aksepterer kontantar om bord pga. korona, kan ikkje ungane fylle på kortet på bussen. Då er løysinga at dei føresette fyller på eit beløp på kortet i nettbanken og så kan ungane betale for periodebilletten med pengane som er sett inn på reisekortet.

For å kunne handle i nettbutikken må du ha ein konto der og logge inn. På denne sida finn du meir informasjon om nettbutikken og kan gå vidare til å logge inn eller lage ein konto.

Med SMS (tekstmelding)

Du kan kjøpe enkeltbillett med SMS (tekstmelding). Då skriv du ordet BUSS og det beløpet du skal betale (til dømes BUSS 40) i ei melding og sender meldinga til telefonnummer 1990. Viss du ikkje veit kor mykje du skal betale, kan du spørje sjåføren.

Merk at mobiltelefonabonnementet ditt må vere opent for kjøp av tilleggstenester. Det kan du sjekke hos din mobilabonnementleverandør. Prisen for billetten blir belasta ditt mobiltelefonabonnement eller kontantkort.

Koronabilletten

Koronabilletten er ein verdikupong tilpassa deg som enten ikkje har mobiltelefon eller har eit mobilabonnement med sperre for å kjøpe tilleggstenester.

Koronabilletten består av fleire verdifelt med ulik kroneverdi. Sjølve registreringa skjer ved at du skriv inn dato og klokkeslett for reisa di i verdifelt tilsvarande prisen for den aktuelle reisa.

Koronabilletten må førehandsbetalast, og du kan du få kjøpt billetten på trafikkterminalane eller ved å kontakte FRAM Kundesenter via kontaktskjema eller på telefon 71 28 01 00. Her finn du kontaktskjemaet for FRAM Kundesenter.

Om bord på buss eller hurtigbåt

Du kan kjøpe billett om bord på buss eller hurtigbåt. Då kan du betale med verdidelen av eit reisekort, med bankkort, og (vanlegvis) med kontantar.

Merk at viss du vel å betale med bankkort eller kontantar, blir det lagt til eit ombordtillegg. Ombordtillegget er på 10 kroner for vaksne og studentar, og 5 kroner for barn, honnør og militære.

Merk! På grunn av korona er det ikkje mogleg å betale med kontantar inntil vidare.

Billettkontroll

Som reisande er du ansvarleg for å ha gyldig billett, og for å ha med deg relevant dokumentasjon til rabatterte billettar. Om du ikkje har korrekt billett og dokumentasjon i ein billettkontroll, må du i tillegg til å betale for billetten betale eit gebyr på 500 kroner ved betaling på staden. Blir det sendt faktura er gebyret sett til 750 kroner.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00