Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM Ekspress

For deg som skal reise langt i fylket, kan FRAM Ekspress-rutene vere ein enkel, moderne og trygg måte å komme seg fram på. Så kan du slappe av og bruke tida på andre ting enn å køyre.

Rutene

  • FRAM Ekspress rute 101/100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund (den tidlegare TIMEkspressen)
  • FRAM Ekspress rute 420 Molde-Åndalsnes (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 681 Ålesund-Åndalsnes (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 902 Molde-Sunndalsøra-Surnadal (Mørelinjen)
  • FRAM Ekspress rute 905 Molde-Kristiansund-Trondheim (Mørelinjen)

Her kan du finne rutetabellane for FRAM Ekspress-tilboda, du kan søke i reiseplanleggaren på nett, bruke FRAM-appen til å sjekke rutetidene, eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

FRAM Ekspress-bussane er universelt utforma, og rutene har sanntidsinformasjon om bord. Her kan du finne informasjon om kva sanntid er for noko.

Kjøpe billett

Foreløpig kan du bruke FRAM-appen til å kjøpe billetten med mobilen eller du kan kjøpe billetten om bord på bussen av sjåføren.

Merk! På grunn av koronatiltaka for kollektivtransporten er det avvik i betaling for billettane. Her kan du finne informasjon om kollektivtilbodet i koronaperioden.

Tillate med hund

Frå og med 1. oktober 2017 er det tillate å reise med hund på FRAM Ekspress-rutene. For hund betalar du barnebillett, og eigaren kan kjøpe billett til hunden av sjåføren om bord. Førarhund, politihund og annan tenestehund som er i aktiv teneste, kan reise utan eigen billett. Ein katt i bur er òg tillate om bord.

Vilkår for reise med hund:

  • Reisande med hund skal sitte lengst bak i bussen
  • Dersom det er reisande om bord med sterk allergi, kan sjåfør be reisande med hund om å vente på neste avgang
  • Dersom det er reisande om bord med sterk redsel for hund, kan sjåføren be reisande med hund om å vente på neste avgang
  • Dersom hunden er til sjenanse for andre reisande, kan sjåføren be eigaren om å forlate bussen med hunden

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00