Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

AutoPASS

Hensikta med AutoPASS for ferje er å automatisere betalinga for reisene med ferje.

Merk! Frå 6. april 2020 gjeld billettering ved skiltgjenkjenning. Du skal ikkje betale manuelt til mannskapet på ferja. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare.

Her kan du finne takstane i AutoPASS-regulativet som gjeld for fylkesvegferjene.

Her kan du finne ferjepriskalkulatoren.

AutoPASS-ferjekort

AutoPASS-ferjekort har vore tilgjengeleg på alle fylkeskommunale ferjesamband sidan januar 2019.

Dette kortet gir rabatt på billettprisen og erstatta tidlegare rabattkort for ferje. Du får 50 prosent rabatt for private køyretøy og 40 prosent rabatt for firma med AutoPASS-ferjekort og avtale.

Merk! Det er ikkje mogleg å betale manuelt inntil vidare på grunn av koronatiltak.

Du kan finne ytterlegare informasjon, svar på spørsmål, lage ein konto og avtale, bestille ferjekort og registrere brikke, ved å gå inn på nettsida som er laga for AutoPASS for ferje. Her kan du finne AutoPASS for ferje på nett.

AutoPASS-brikke

Skal du reise med ferjene som bruker betaling med brikke, må du òg ha ein gyldig AutoPASS-brikke i bilen. Den treng du bestille frå eit bompengeselskap. Her kan du finne informasjon om utstedere av brikke.

Merk! For å få rabatten må brikken bli registrert på AutoPASS-kontoen din. Har du ein brikke frå før, registrerar du han på nettsida til AutoPASS for ferje når du har oppretta ein konto.

Elbil

Elbilane får ifølge regulativet for ferjetakstar 50 prosent rabatt av den ordinære taksten. Det vil seie at om vanleg full pris for personbil er 100 kroner, vil den fulle prisen for elbil vere 50 kroner. I tillegg får du ytterlegare 50 prosent rabatt med AutoPASS for ferje-konto (40 prosent for firma).

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00