Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Atlanterhavsruta for syklistar

Nasjonal sykkelrute 1/EuroVelo 1 har fått namnet Atlanterhavsruta. Ruta går langs kysten og over fleire øyar mellom Kristiansund og Ålesund, og gir ein unik nærkontakt med havet og kystlandskapet. Ruta inneheld eit hurtigbåt- og fleire ferjesamband.

Merk! Det er ikkje tillatt å sykle gjennom Atlanterhavstunnelen ved Kristiansund. Tunnelen er lang, undersjøisk og svært bratt.

Det er to alternativ for syklistar som skal gjennom Atlanterhavstunnelen:

1. Transport med taxi (inntil tre syklar pr. taxi)

Ring FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for å bestille:

Måndag-fredag: 08.00-21.00

Laurdag: 09.00-20.00 (Merk! Bestill før kl. 18.00)

Søndag: 10.00-21.00

Merk! Du må sjølv bestille taxien til eit gitt tidspunkt. Sesongen for frakt av sykkel med taxi er mellom 1. mai og 30. september.

Maksimal ventetid er ein time, men ved stor pågang kan ventetida bli lengre. På Averøy blir du henta på busshaldeplassen ved Atlanterhavstunnelen. I Kristiansund blir du henta på busshaldeplassen i Hagelinvegen. Maksimum tillate vekt pr. sykkel er 20 kg. Maksimum totalvekt for syklane er 45 kg.

Prisane for transport med taxi gjennom tunnelen: vaksen 110 kroner og barn 75 kroner.

2. Transport med rutebuss (inntil to syklar pr. avgang)

Det er få plassar til syklar på vanleg rutebuss, du er derfor ikkje garantert plass. I reiseplanleggaren kan du søke opp rutetidene.

For meir informasjon om syklinga, sjå nettsida til Syklist Velkommen.

Merk! På grunn av smitteverntiltak om bord i bussane, kan du ikkje kjøpe billetten frå sjåføren. Her kan du kan finne informasjon om å kjøpe enkeltbillett via tekstmelding (SMS).

Prisane for transport med bussen gjennom tunnelen: vaksen 66 kroner, barn 33 kroner og 21 kroner per sykkel.

Reise med hurtigbåt og ferje

Frå Ålesund startar den nasjonale sykkelruta med hurtigbåt til Hamnsund i Ålesund kommune. Vidare mot Molde er det fleire ferjestrekningar.

Sidan det ikkje er tillatt å sykle gjennom Atlanterhavstunnelen ved Kristiansund, kan du bruke ei transportordning med taxi.

Her kan du finne oversikta over sykkelruta på Atlanterhavsvegen.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00