Billettkontroll

Riktig billett + bevis = ditt ansvar. Finn informasjon om gyldige billettar, kva som er ditt ansvar og korleis du går frem hvis du vil klage på eit gebyr.  

  • Du er sjølv ansvarlege for å ha gyldig billett og legitimasjon på heile reisa.  
  • Reiser du med ein rabattert billett må du også ha legitimasjon på at du har rett til rabatten for at billetten skal vere gyldig.  
  • Har du ikkje gyldig billett for reisen, vil du få eit gebyr ved billettkontroll.
  • Vi kan også krevje gebyr sjølv om du er under 15 år.  

Gebyr 

  • Vaksen/honnør/student: Kr 1150, eller kr 950 om ein betalar på staden.  
  • Barn og ungdom som har fylt 15 år: Kr 950 uansett form for oppgjer.  
  • Falsk eller forfalska billett: Kr 2000, og billetten blir inndratt (uavhengig av kategori) 

Betaling

Om du ikkje betaler gebyret på staden sender vi deg faktura med informasjon om betalinga.  Viss vi ikkje mottek betaling, vil vi følje opp saka og eventuelt krevje inn beløpet gjennom inkasso.    

Har du fått gebyr fordi du ikkje kunne bevise at du hadde rett på rabattert billett, kan du sleppe å betale viss du kan framvise gyldig bevis innan sju dagar. Dette forutsett at du kan legitimere deg med legitimasjon med bilde når gebyret blir skrive ut. Du må sende kopi av gebyret saman med legitimasjon inn til FRAM Kundesenter. Gebyret blir fråfalle mot eit administrasjonsgebyr på kr 200,-.  

For klage på ilegging av tilleggsavgift, send inn ein skriftleg klage til FRAM Kundesenter. 

Relatert informasjon