Refusjon

Har du kjøpt ein billett du ikkje får brukt? Her finn du informasjon om korleis du søker om refusjon.  

Søk refusjon for billett

Søk om refusjon

Har du kjøpt billett i FRAM-appen eller nettbutikken, er det nok å sende kontaktskjema til FRAM Kundesenter med kundenummer og ordre-id for kjøpet. Det er ikkje nødvendig med refusjonsskjema.

Søk refusjon av restverdien på eit reisekort

Skjema berre for refusjon av restverdien på reisekort. Restverdien blir betalt ut i slutten av kvar månad (med atterhald). Viss du har fleire reisekort du vil ha refundert, må du sende inn eitt skjema per reisekort.

Vi refunderer desse billettene: 

  • Periodebillett 7 dagar: Du får refusjon for tal resterande døgn.   
  • Periodebillett 30 dagar: Du får refusjon for tal resterande døgn.
  • Reisekort: Du får tilbakebetalt verdien som gjenstår på reisekortet.

Når kan du få refundert billetten din? 

  • Når du ikkje reise med oss lenger 
    Viss du for eksempel flytter, blir sjukemeldt, endrar reisemønster eller har en anna grunn til å søke om refusjon. 
  • Ved kjøp av feil reisestrekning, passasjerkategori eller tidspunkt/dato
    Vi vil refundere billetten om du har kjøpt feil dersom du kjøper ny, korrekt billett. Refusjonen blir berekna frå du kjøper ny billett. 

Relatert informasjon